Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Strikkekaffe laurdag

Elinor Bolme Onsdag 18. februar 2015

Laurdag mellom 13 og 16 blir det arrangert Strikkekaffe i Sanitetshuset igjen. Merk at tida no er litt forskyva, men damene håper at trufaste og nye kjem til eit sosialt treffpunkt denne laurdagen likevel.

Les heile saka


Massevis av nye smårollinger

Jon Olav Ørsal Tysdag 17. februar 2015

I fjorhaust vart det teke fleire flotte stamlaksar under stamfisket i Toåa, for produksjon av smolt ved Rossåa settefiskanlegg. No er rogna befrukta og skal etter kvart bli rundt 4000 2-årig smolt som skal settes ut i Toåa i 2016. Noko av overskotet av rogna frå desse storlaksane – rundt 20.000 i talet – vart før helga sett ut som såkalla augerogn i Toåa og skal etter kvart som dei blir klekt prøve å klare seg sjølve utover våren.

Les heile saka


NC – Vel blåst for denne gong!

Jon Olav Ørsal Måndag 16. februar 2015

Arrangørstaben kan nok ein gong puste ut etter eit vellykka arrangement. Norgescupen som vart arrangert på Kårvatn er eit krevjande arrangement som krev mykje av arrangøren – det skal takast hensyn til kvalitetssikring av tider og data og ikkje minst sikkerheita for løparane og løypemannskapet. Nils Ove Bruset har vore rennleiar og har trekt i trådane for å få alle ting på plass. Han rosar mannskapet for både stor innsats og velvilje til å finne praktiske løysingar på dei mange utfordringane i forbindelse med arrangementet.

Les heile saka

Gaupa besøkte gardstunet om natta

Jon Olav Ørsal Måndag 16. februar 2015

Den siste tida er det gjort stadig fleire observasjonar av gaupe. Fredag morgon var det ferske gaupespor i nysnøen gjennom gardstunet i Todalshaugen, fortel Johan T. Hals. Han viser oss gaupespora som enno søndag kveld er godt syneleg på ein snøflekk i utkanten av tunet. I helga var Todalshaug ein tur oppå setra, og der var det ferske gaupespor rundt seterhuset, og under verandaen i framkant av seterhuset. Det er et ord som seier at når du begynner å sjå rovdyra, så er det mykje av dei.

Les heile saka

Olav Tronvoll vann dagens sprint

Elinor Bolme Sundag 15. februar 2015

Olav Bakketun Tronvoll, Fjellmann IL vart også i dag, under dagens Norgescup Randonne sprint, for tøff for dei andre motstandarane som stilte på start på Kårvatn. Todalen IL, som leverte eit vellykka renn i går, la inn nok ein god søknad også i dag for vidare sammarbeid med NSF for framtidige renn på Kårvatn.

Les heile saka

Fart over Norgescupen på Kårvatn

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. februar 2015

Godt føre ga god fart under dagens Norgescup i randonee på Kårvatn, men ingen kunne true Olav Bakketun Tronvoll i sporet opp til toppen av Tydalsnebba. Tronvoll var i tet heilt frå starten og forbi alle meldestasjonane oppover mot toppen. Dit brukte 1:21:16 og så bruka han 6minutt og 19 sekund på turen ned lia og i mål. Beste tid frå toppen og ned var det Martin bartnes som hadde, med 6:04 – han kom på 3.-plass i dagens konkurranse og var 6.38 etter i mål.

Les heile saka

Talgø hanket inn nok et trofé

Elinor Bolme Laurdag 14. februar 2015

Nok en gang har Talgø gjort seg bemerka under et messearrangement. Denne gangen var det på den årlige store Byggmakkermessa i The Qube på Gardermoen der de sammen med Asak Miljøstein ble kåret til «Årets beste stand 2015» . Her er det proffer og butikkansatte som har stemt Talgø sin stand fram som vinnere, der tilbakemeldingene gikk på mest selgende, opplærende, inspirerende og kreative!

Les heile saka

Frå Gjeldnesgardane

Elinor Bolme Laurdag 14. februar 2015

Vi er komne på runde to i Todalen Historielag sin runde rundt bygda. Denne gongen er bilda hovedsakleg fra Gjeldnesgardane og litt innover stranda.

Les heile saka

NorgesCup: – Stille før stormen på Kårvatn – oppdatert

Jon Olav Ørsal Fredag 13. februar 2015

Fredag tok vi tempen på Kårvatn, arena for helgas NorgesCup i randonee. Her var alt under kontroll, både på butikken til Kårvatn Fjellustyr, på start og målområdet som ligg på bekkøya ved dalahaugen og mannskapet på som var i fjellet som vi hadde kontakt med pr telefon. Det er bra med snø – ein stor halvmeter på flat mark – både i start og målområdet, i Dalalia og i fjellet. Kort og godt fine forhold både for løparane og for publikum. Laurdag er det meldt sol og finvêr…..

Les heile saka

Kjøp fastelavensris

Jon Olav Ørsal Fredag 13. februar 2015

Tidlegare i veka hadde vi ei sak om sanitetskvinnene i Todalen som produserte fastelavensris til aksjonen no i helga. Fredag og laurdag er dei på plass på «torget» på Matkroken L. Hals med både fastelavensris og eit flott fastelavenstre på vegkanten framfor butikken.

Les heile saka