Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fra Ramsøya og jorda rundt.

Mari B. Redalen Måndag 16. februar 2015

 Hvem er du, hvor bor du, hva gjør du til daglig og hvorfor flyttet du?

Eg er Ingvild Ramsøy, fødd 1986, dotter av Sidsel og Jon. No bur eg i ei lita leilegheit midt i Stavanger sentrum, og her studerer eg på mitt siste semester ved Universitetet. Eg flytta frå Todalen etter vidaregåande for å gå på folkehøgskule i Sogndal. Deretter budde eg fleire år i Oslo, der eg blant anna studerte økonomi, og hadde i tillegg eit lite opphald som utvekslingsstudent på Hawaii. Hawaii trigga reiselyst, så  etter nokre månader som sparegris reiste eg «jorda rundt», og budde deretter litt i Oslo igjen før eg havna i Stavanger på ingeniørstudier.

bilde1 Ingvild

Her er eg på Jamaica, januar 2015. Foto: Ingvild R

Beskriv hvordan en vanlig dag ser ut for deg!

Som student kombinert eg eit par deltidsjobbar er kvardagen særs varierande, og eg lever nok langt i frå eit «A4-liv». Dei fleste dagar for meg starter gjerne med litt slumring på vekkjeklokka, og som den flittige studenten eg er finn ein meg som oftast på universitetsbiblioteket, om eg ikkje tener til livets opphald. Elles er det lite faste rutinar, men i løpet av ei veke brukar eg tida mi på vener og prøver å få til nokre turar ute i vestlandsværet, om det anten er med surfebrettet eller fjellskoa.

Hvor ofte er du hjemme i Todalen, og når kommer vi til å se deg i Todalen igjen?

Høgtider som jul og påske er ferier eg alltid (med nokre unntak) reiser heim til. Det varierer litt frå år til år kor ofte og kor lenge eg er i Todalen. Eg blir å sjå i Todalen i påska, forhåpentlegvis iført skisko og solfaktor, kryssar fingrane for litt meir snøfall framover.

Bilde2 Ingvild

Her er eg på Fløtatind, påska 2013.. Foto :Ingvild R

Hva viser du først frem av Todalen til venner som kommer på besøk til
bygda for første gang?

Bilde3 Ingvild

Ramsøya. Foto Ingvild R

Ramsøya og Tæsa (hunden). Deretter må eg vise fram resten av bygda, gjerne med ein runde som avsluttas i Ansneset, der bror min held til. Mest sannsynleg tek vi ein tur oppom Kårvatn og. Dei aller fleste som kjenner meg kjenner til Todalen, og eg har nok få, om ingen, vener som aldri har haurt om den vakre heimbygda mi. Ein sumar overtala eg ei venninne til å søkje sumarjobb i Surnadal, og ho tilbrakte da ein knapp månad på indre Nordmøre i regn og 10 grader (framfor 20 grader og solfylte dagar i hovudstaden).

Kommer du til å flytte til Todalen igjen?

Kunne godt sett for meg ein kvardag i Todalen, men per no er det nok heller tvilsamt at eg flytter heimatt.

Er det noe spesielt du ikke klarer deg uten?

Mobiltelefonen min og TV-seriar.

Hvordan holder dialekten din seg som utflytta todaling? Kanskje du har et eksempel på en vanlig dialektmisforståelse?

Eg liker å tru at eg er svært dyktig på å «talla todaling», men får høyre det når eg er i Todalen at dialekta kanskje ikkje er heilt på plass, samstundes høyrer eg ofte etter ei veke heime at dialekta er vorte mykje «breiare». Eg trur eg er flink til å byte ut «vanskelege ord» framfor å leggje om. Ein litt festleg misforståelse var at ei venninne av meg i lengre tid trudde eg sa ti kvar gong eg sa tri. Så tala er jo sjølvsagt ein gjengangar. Eit anna vanskeleg dialektord er «ponnji», til dømes «ponnji hennj».

Hvordan vil du sammenligne Todalen med det stedet du bor nå? 
Noen store savn?

Det eg saknar mest er lett tilgang på fjell og natur, og sjølvsagt Tæsa. Ein ting som er keisamt med Stavanger er at det aldri er ekte vinter, slik som vi er vande med på Nordmøre. Her må ein køyre 1-2 timar for å finne snø og skiforhold på vinteren.

Hvor ofte er du innom Todalen.no?

Så å seie kvar einaste dag.

 

Redaksjonen utfordrer Erik Holten til neste måneds blogginnlegg.

Publisert: 16. februar 2015, 20:17