Surnadal kommune lyser ut ledig stilling som brannkonstabel i Todalen. Brannlaget i Todalen består av 6 mann, og no er altså ei av stillingane ledig for snarleg tiltreding. Det lokale brannlaget har ein viktig funksjon i bygda, og dei har gjennom sin innsats klart å berge store verdia – vi nemner berre brannen på Todalsøra […]
Les heile sakaFra Urvoll til Trondheim
Ny måned, ny blogg. Her fra Stine Saksen Sydow.
Les heile sakaTysdag – langope på Kårvatn Fjellutstyr.
Kårvatn Fjellutstyr har langope i morgon tysdag 16. februar frå kl 10-20. – Vi har ekstra gode tilbod på utvalde varer kun i morgon. Til dømes nokre skipakkar, soveposar, skredpakkar, dunjakkar, spadar, fortel butikksjef Laila Kvendset Bergli til Todalen.no. Det blir sal av kaffe, te, brus og marengskake!
Todalskoret med «Vandring i faste» i Øye kyrkje
Ondag 17. februar kl 19.30 er Todalskoret/Åsskard kyrkjekor gjestar i Øye kyrkje,saman med sin dirigent Bernt Bøe. Dei vil mellom anna framføre den vakre Folketonemessa som er skreve og arrangert av Bernt G.Bøe over folketonar frå Todalen .
Les heile sakaIldri klokkar takkar av
Ildri Sjøland Øyen har vore klokkar i Todalen kyrkje i heile tolv år. Ho har vore ein trufast, dyktig og fargerik klokkar som kyrkjelyden i Todalen har sett stor pris på! Ildri seier at ho synest klokkarjobben har vore både givande, interessant og kjekk, men i dag var det altså siste ordinære arbeidsdagen. Det blir […]
Les heile sakaGodt jobba!
Årets randoneehelg er over – kaldt var det, med temperaturar ned med 12-13 grader på søndag – men du verden for ei oppleving for både løparar, arrangør og funksjonærar som alle har stått på frå morgon til kveld. Det er egentleg veldig artig å være arrangør, når alle er så nøgde. Vêret og føret har […]
Les heile sakaVertikal – Sindre Hoff frå start til mål
Det var ingen som kunne tukte Sindre Hoff i søndagens randoneecup vertikal. Hoff klarte å halde konkurrentane bak seg frå starten på Øraekra og heilt til mål på Litj-fjellet på 886 m.o.h. Og den turen gjorde han unna på knappe 36 minutter. I dameklassen vart det ein ny seier for Malene B. Haukøy, og Sondre Andersson Svensli var suveren i juniorklassen.
Les heile sakaSamla troppane til arbeidsmøte – kvar vil vi?
I samband med NM-arrangementet i Todalen inviterte Norges Skiforbund løparar, funksjonærar og arrangørar til eit lite arbeidsmøte på Talgø utstillingssenter laurdag ettermiddag. Hensikten med møtet var å prøve å stake ut kursen vidare for randoneesporten, fortel Martin Bartnes frå Norges skiforbund.
Les heile sakaNM randonee – i bilder
Under dagens NM individuell var vi så heldig å ha fleire kameraer ute i løypa. Under har vi derfor lagt inn fleire bildegalleri frå målområdet og heilt opp til toppen av Tydalsnebba. Rennleiar Nils Ove Bruse i Todalen IL fekk nok ein gong velfortjent skryt for eit fremdragande arrangement frå Martin Bartnes i Skiforbundet i målområdet etter endt dag. Og med mellom 30 og 40 personar fordelt i sekretariat, kiosk, og løypemannskap med mange års erfaring så er det kanskje ikkje så rart at dette arrangementet går på skinner.
Les heile sakaKvanne-Rykkjem midlertidig ute av drift
Fjord 1 melder no at rute 46 mellom Kvanne og Rykkjem må kansellere avgangane 16.30 frå Kvanne og 16.45 frå Rykkjem på grunn av tekniske forhold. Normal drift i sambandet frå 17.30 i henhold til oppsett rutetabell.
NM: Skjervheim, Haukøy og Svensli til topps – oppdatert
Det var ikkje uventa at Lars Erik Skjervheim og Malene B. Haukøy gikk til topps i herre og dameklassen under NM randonee individuelt på Kårvatn i dag. I juniorklassen var det Sondre Anderson Svensli som trekte det lengste strået og sikra seg NM-tittelen.
Les heile sakaPudder – det har aldri vore betre føre!
Rennleiar Nils Ove Bruset har i dag, saman med andre funksjonærar, stukket ut NM-løypa til morgondagens konkurranse. Aldri har det vore finare føre, fortel Bruset, og legg til at det er topp pudderføre heile vegen frå Tydalsnebba og ned Dalalia til Kårvatn.
Les heile saka