Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Førjulskonsert i Todalen ungdomshus

Dordi Jorunn Halle Torsdag 1. desember 2016

Siste kvelden i november inviterte Tordenskjold songlag til førjulskveld i Ungdomshuset. Det vart ein riktig triveleg kveld med fint og variert program.

img_7943

Elin Persson er dirigent for Tordenskjold. Ho spela både til koret og allsongen. Foto: Dordi J H

Vertskapet Tordenskjold songlag opna kvelden med flott korsong. Første songen var Julekveldsvisa av Alf Prøysen med arrangement av Henning Sommerro – det let vakkert. Koret song i fleire avdelingar utover kvelden, mest kjende og kjære julesongar. Dirigent Elin Persson fortalde litt om bakgrunnen til songane – interessant! Ho fortalde mellom anna at «Det lyser i stille grender» vart skrive av Jakob Sande på sommaren midt i slåttonna i 1931. Han hadde lova eit dikt til juleheftet til Norsk Barneblad, hadde gløymt det, og da måtte han ta pause i høyinga for å skrive eit juledikt! Og som vi veit vart resultatet ein svært populær julesong.

img_0332

Dirigent Elin Persson (til venstre) og Elsa Kvande – leiar for Tordenskjold. Foto: Dordi J H

Spennvidda i repertoaret var frå «Glade jul», ein 200 år gammal julesalme som er bruka mest over heile verda og oversett til svært mange språk, til «Nordnorsk julesalme» av Trygve Hoff. Koret presenterte fire nye salmar som har fått plass i den nye salmeboka. Den eine var ukjend for publikum i Ungdomshuset, nemleg «Solbarn, jordbarn» frå New Zealand, både fin tekst og fin melodi.

Tordenskjold songlag vart stifta alt i 1908 og har vore i samanhengande drift sidan – imponerande! Koret har no 23 medlemer, Elsa Kvande er leiar og Elin Persson har vore stødig dirigent sidan 1990-talet.

«Lars Jarle & The Big Mamas» er ei visegruppe med medlemer som tidlegare var med i Åsskard-koret. Dei opptredde i ungdomshuset for første gong, og publikum sette stor pris på den fine songen og musikken dei presenterte for oss.

img_0329

Lars Jarle og The Big Mamas. Frå venstre: Tore Settemsdal, Lars Settemsdal, Per Jarle Riksheim, ved pianoet, Ellisif Sæthervik, Rita Settemsdal, Grete Ingunn Krogstadnes, Brynhild Fossen, May Aina Bøe. Foto: Dordi J H

Innimellom var det allsong med godt toneleie og tempo slik at det var lett å synge, og det klang riktig godt! Kvelden vart avslutta med «Deilig er jorden» –  «fellesnummer» mellom kor, visegruppe og publikum – det var mest så taket løfta seg i Ungdomshuset.

Publikum let vel etter konserten, «Storsvært», kom det frå ein kar. Og julestemning vart det kvelden før 1. desember!

 

 

Publisert: 1. desember 2016, 01:34