Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julegrana lyser no i Brusetmarka

Elinor Bolme Torsdag 1. desember 2016

I år som i fjor, og året før det, vart julegrana pynta til alle kunstens reglar i Brusetmarka. Og med retteleg nysnø både på bakken og i lufta vart det ei kjekk samlingsstund i krysset ved Trudvang og Sandmo. Kristen Bruset hadde sørga for «gran of the year» som Steinar Frøystad hadde dekorert med både ei og to lysslynger. Både med og utan blink.

Dei frammøtte rosa initiativtakarane for denne tradisjonen. Og dei var einige om at det absolutt gjer seg med eit lite lyspunkt i krysset, både for den som er på tur opp til og ned frå Falla.

julegrantenning brusetmarka

Toril og Steinar på Trudvang åpna opp gammelgarasjen og serverte både gløgg, pepparkaker og kaffe til dei som tok turen på julegrantenning.

Publisert: 1. desember 2016, 22:40