Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dugnad i arboretet

Jon Olav Ørsal Måndag 4. mai 2015

Onsdag kveld frå kl 18 er det dugnad i Svinviks arboret.  Det er Surnadal hagelag og Svinviks arboret som samarbeider om den tradisjonelle vårdugnaden for å gjera anlegget klar til opning komande helg.  Ta med høveleg redskap og kom på dugad – alle er velkomne!

 


Stor trimaktivitet!

Dordi Jorunn Halle Sundag 3. mai 2015

Søndag kom sola, og mange nytta godveret til å «stikke ut». Det var jamn trafikk av trimmarar både i Storhaugrunden og Svinvikrunden. Midt på dagen søndag hadde 40 personar skrive namnet sitt i «Stikk-Ut-boka» på Storhaugen, og heile 118 turar var noterte i boka i Gammelvegen! Det lovar godt for folkehelsa.

Les heile saka

Fin konfirmasjonsdag

Jon Olav Ørsal Sundag 3. mai 2015

Søndag var det konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje. I ei godt fullsett kyrkje heldt sokneprest Bernt Venås ei god preken til dei 5 ungdomane som no trer inn i dei vaksnes rekkjer. Dei fekk med seg mange gode råd på vegen, og seremonien markerte slutten på ein lang vinter med konfirmasjonsførebuing. Vergudane viste seg også frå si beste side og det var egentleg eit praktfullt syn mad alle bunadskledde kyrkjegjengararane.

Les heile saka

Nils Olav opna fotoutstilling på Tingvoll

Jon Olav Ørsal Sundag 3. mai 2015

Frå slutten av 70-talet til byrjinga på 90-talet var Nils Olav Talgøy eit kjent trekk i bybiletet i Todalen. Med treskjærarverkstad på Nessakaia og ryggsekk og kamera i todalsnaturen vart han fort spesialist på fotografering av hjort og anna vilt, og det tok mykje av tida hans i desse åra. På nittitalet flytta han attende til Meisingset, der han i dag er busett. Han er framleis aktiv med kamera og laurdag opna han si første fotoutstilling.

Les heile saka

52/17 Søndagsturen til Liabøen i Halsa

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. mai 2015

Denne søndagen (3. mai) går søndagsturen til Liabøen på Vågland i Halsa kommune. Det foregår i tidsrommet 12-15, og det er oppmøte ved kommunesenteret ved Liabøen, og turopplegg rundt i området ved kommunesenteret.

Les heile saka

Søndag: Konfirmasjonsgudsteneste

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. mai 2015

Søndag 3. mai er det konfirmasjonsgudsteneste med sokneprest Bernt Venås i Todalen kyrkje. Gudstenesta starta kl 11.00, og det er takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Det er i år 5 ungdommar som skal konfirmerast i Todalen kyrkja denne dagen:

Les heile saka

Markerte arbeidaranes dag i kulturhuset

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. mai 2015

1. mai vart arbeidaranes dag skikkeleg markert i Surnadal kulturhus, der Surnadal Arbeidarpati kunne bu på både kulturelle innslag med Surnadal Hornmusikk og Tordenskjold Songlag. Dagens hovudtalar var partiet eigen, ordførar Lilly Gunn Nyheim og i tillegg hadde Rindal Aps ordførarkandidat Line Therese Flåtten politisk appell.

Les heile saka

Neste stopp Storrundt: Hallsetgrenda

Elinor Bolme Fredag 1. mai 2015

Denne gongen er vi komne til Hallsetgrenda i Todalen Historielag sin runde rundt bygda med gamle bilder. I følge leverandør av bildene er bildearkivet herifrå rimeleg stort, slik at vi også neste gong får bilder frå grenda som var svært så folkerik på 50-talet og utover. Bilda som er tilsendt verkar som om å vere teke rundt 50- 60-talet. Mykje fager ungdom, som mangenok dreg kjensel på.

Les heile saka

23 på stavgangtur til Halset

Jon Olav Ørsal Fredag 1. mai 2015

Stavganggruppa er forlengst i gang med sine utflukter, og det er utruleg bra deltaking på turane dei legg opp. Sist torsdag (30.4.) var turen lagt til Halset i Todalen, og vi har fått bilder og litt info frå Reidar Østvik, som fortel at det var 23 deltakarar som hadde ein fin dag saman i førsteklasses turvêr.

Les heile saka

Ny runde med mammografibuss i Surnadal

Elinor Bolme Fredag 1. mai 2015

No inviteres kvinner i Møre og Romsdal født 1945 – 1964 til deltagelse i Mammografiprogrammet, med tilbud til undersøkelsar av brystene for å redusere brystkreft. Mammografiprogrammet inviterer kvinner 50 – 69 år til mammografi hvert annet år. Eit invitasjonsbrev med angitt tid og sted blir automatisk sendt til kvinner som står for tur. Alder ved første invitasjon kan variere fra 48 – 53 år. Kvinner som har blitt invitert tidligare, vil få ein ny invitasjon ca 24 måneder etter forrige gang. Dei som er født i 1963 eller 1964 blir invitert kretsvis etter oppsett tidsplan.

Les heile saka


1. mai arrangement på kulturhuset

Elinor Bolme Torsdag 30. april 2015

Surnadal Arbeiderparti arrangerer også i år sitt 1. maiarrangement på Surnadal Kulturhus, kl 15.00 Program: –          Hovedtaler Lilly Gunn Nyheim. –          Appell v/Line Flåtten. –          Surnadal Hornmusikk. –          Tordenskjold Songlag. –          Utlodning. –          Salg av mat og kaffe.   SURNADAL ARBEIDERPARTI ØNSKER ALLE VEL MØTT !

Les heile saka