IL Søya har nyleg fått laga eit eige kart over alle sommarturar i omlandet. Dette viser alle opparbeidde stiar og er merka med to ulike kategoriar; Trimturar og egna sykkelturar, heilt frå Gammelsetra i Stangvika til Inner Sulå på Nordvik. Kartet heng i storformat på Vang og viser veg.
Les heile saka
Eit begeistra publikum trossa regnbyene laurdag kveld og kom på friluftskonsert med jazzgitaristen Amund Maarud på Todalshytta – og jammen fekk dei valuta for pengane. Med Amund var det ”full trøkk” frå første akkord og publikum «var med» under heile konserten, – der han kjørte sitt soloshow.
Les heile saka
Det er store urolegheiter både i Frankrike og i Tyrkia for tida, og mange er uroa over familie og venner som oppheld seg i desse områda. Vi har i dag vore kontakt med Ingrid Pedersen som no snart har vore ei veke i Alanya i Tyrkia saman med ektemann Dan Roger. Dei bur ca 1 kilometer utanfor sentrum av Alanya, og dermed langt unna urolegheitene i Ankara og Istanbul, og har ikkje opplevd noko dramatikk og uro så langt kan dei berolige.
Les heile saka
På Todalshytta pågår det lydprøver for kveldens konsert. Da går nemleg Amund Maarud på scena med sitt soloshow på bakken framfor Todalshytta. Amund kom til Todalen fredag kveld og i dag har det vore rigging og lydprøver saman med Frank Botten frå DreamFarm lydstudio som har leid ut lydutstyr til konserten.
Les heile saka
Saka om skadeverket som er påført bommen ved Rossåa Settefisk er oppklart, fortel Per Gjeldnes ved Surnadal og Rindal lensmannskontor. Gjeldnes takkar media og publikum for nyttige tips for å oppklare saka, og syndaren har lova å gjere opp for skaden som er påført bomanlegget ved Rossåa Settefisk.
Mattilsynet har no innført forbod mot å legge ut fôr, samt å henge opp saltstein til elg og hjort. I forbindelse med sjukdommen Chronic Waisting Disease (CWD) har Mattilsynet laga ei hasteforskrift som gjelder frå å med 11.juni og ut året 2016.
Les heile saka
Denne veka har det vore stor aktivitet med reparasjon av kyrkjegardsmuren. Det har foregått i regi av soknerådet, og er finasiert med midlar som er kome inn som øremerka gåver til formålet. I dag vart prosjektet ferdigstillt og da var det feiring med blautkake og kaffe – ved kyrkjegardsmuren.
Les heile saka
Gytebestandsmålet blir nådd med glans i Toåa denne sesongen, seier Ola Bruset, som er eleiar i Todalen elveeigarlag. Frå sesongstart 15. juni og fram til 10. juli er det teke 86 laks og 42 sjøaure i Toåa denne sesongen. Til same tid i fjor var tala 32 laks og 34 sjøaure. I år har det vore eit eventyrleg fiske og fin fiskarelv med god vassføring det meste av den første halvdel av sesongen.
Les heile saka
I løpet av EM har vi hatt ein tippekonkurranse gåande, og no som den er over er det tid for å kåre Todalen.no sine mestertipparar. Det har veksla gjennom konkurransen kven som har leda, men nå er avgjørelsen kome.
Les heile saka
Amund Maarud trivst i Todalen og på Todalshytta. Han har delteke på begge Rauskonsertane på Gammelfabrikken, og dette har tydeleg vis gjeve meirsmak. – No skal han lade opp med nokre feriedagar i Todalen saman med familiemedlemar, før han ”byr på seg sjølv” med solokonsert på Todalshytta komande laurdagskveld. – Det er sjølvsagt ei fjør […]
Les heile saka
Av og til skulle ein gjerne ha hatt eposten til ein nabo eller nokon annan i bygda. Da er «Todalslista» kjekk å kunne slå opp i for å sjå om problemet løyser seg. Av og til gjer det dét, andre gongar ikkje. Derfor oppfordrar vi fleire todalingar om å melde inn si adresse på red@todalen.no slik at vi kan komplementere lista.
Les heile saka
For juni kan vi gratulere Kristian Gjeldnes som vinnar av månadens bilete, med «Overnatting på Sultoppen». Om du er ute på tur i sommar, tek vi sjølvsagt imot fleire bilete frå både fjelltoppar og dalar.
Les heile saka