Det er sendt ut OBS-varsel om mykje regn frå måndag kveld til seint tysdag kveld. Sterk vind er det også meldt, men det er mest på Sunnmøre og i Romsdal. Fram til tysdag kveld kan det i Todalen kome mellom 30 og 50 mm på 36 timar etter meldingane på yr.no.
Les heile saka
Søndag samla Stangvik historielag 60 deltakarar på setervandring til Søyådalen. Turen starta på Holtasetersiå og gikk innover dalen med første stopp på Gammelsetra for orientering. Vidare innover til Midtsetra og enda til slutt på Holtasetra og Klokkargardssetra, fortel Erling Myrbostad.
Les heile saka
Søndag ettermiddag feira Husby Vel i Bekkerhagan nyopning av leikeplassen sin. Den gamle leikeplassen var nedslitt og hadde behov for ei ansiktløfting. Etter 125 dugnadstimar er både leikestove, nytt gjerde, ballvegg og ny platting på plass, og søndag vanka det både kaffe, blautkake og mykje anna godt til 60 gjestar som møtte fram på opninga.
Les heile saka
Søndag fikk Lars Arild Houmb ein laks på kroken i Raudaåhølen. Det er det mange som har gjort i sommar, og det er ikkje noko spesielt med det. Men denne laksen var på 4,4 kg og var rett og slett mager. Den lange og magre laksen skulle hatt ei vekt på nærare 7 kg, dersom han hadde vore i normal kodisjon. Det var ein nygått laks – full av lus og den hadde ofattande skade både rundt gjellene og på ryggen.
Les heile saka
Bøfjorden Historielag har i morgon lansering av sin nyutgivelse «Teft å tykkje». 2016-utgåva av dialektheftet har denne gong utvida til rundt 2000 gullkorn frå Bøfjorden og Nordmøre ellers. Vi har fått tilsendt ei lita omtale av ein av forfattarane; Bernt I Bøe.
Les heile saka
Rydding i kratt og grøftekantar kan av og til føre til at ein tergar på seg naboar, eller andre som hevdar rett på eigedomen. I Bekkerhagen skjedde så før helga, då to stykk vart angripne av ein gjeng meget irriterte jordkveks. Kveksbolet fekk seg uforvarst ein omgang med riva, og jaggu vart det fart i både folk og kveks…
Les heile saka
I helga er det siste innspurt for årets sesong i Svinviks arboret. Arboretet og kafeteriaen er ope til og med søndag 07. august og både laurdag og søndag er opningstida frå 11.00 – 16.00. Stikk innom – alle er velkomne er oppfordringa!
I sommar har det pågått legging av fiberkabel til Brusetmarka. Det er lagt jordkabel frå Todalshytta og innover i dag er dei komne til Hengebrua før dei tek helg. Det er Rolf petter halle og Joar Inge Gjeldnes som jobbar for Svorka aksess og det legges no rør innover, der det etterkvart skal skytast fiberkabel innover etterpå.
Les heile saka
Andreslåtten er i full gang – no også med rosa siloballar – i tillegg til gørne og kvite. Dei rosa siloballane har fått stor oppmerksomheit i sommar. Det er Felleskjøpet Agri som i samarbeid med emballasjeprodusentane Trioplast og Tama har valt å starte den rosa kreftkampanjen, fortel Anders A. Karlsen i Todalen Mjølk. Produsentane, forhandlarane og bonden yter 10 kr kvar pr rull med folie – tilsaman kr 300.000 til bryskreftsaka og ikkje minst har saka fått stor oppmerksomheit i media.
Les heile saka
Olsokspelet på Stiklestad er nyleg avvikla. På Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag blir speldiktaren Olav Gullvåg presentert av barnebarnet Eivind Hasle, som nettopp har skrive bok om han. Gullkorn frå årets dialektutgåve «Teft og tykkje» dukkar også opp.
Les heile saka
Da er fotballeventyret også over for KUST G13. Dei møtte litt over 17 Vestre Akers SK, som tok leiinga og held denne med 2-0 til pause. Dette var eit lag som var hakket sterkare, men i følge IL Søya si facebookside hadde keeper Henrik Kvande-Talgø fleire strålande redningar i andre omgang som gjorde at gutane held seg inne i kampen.
Les heile saka
Det er ikkje berre Pokemon, Norway Cup og strandliv som tel i sommar: Dei unge les også, og dei les mykje. Svært mykje, skriv Surnadal bibliotek i ei pressemelding til oss i dag,
Surnadal folkebibliotek er med på «Sommarles»; ein kampanje som skal stimulere dei som er fødd mellom 2003 og 2009 til å lese – også i sommarferien. Det er så langt 103 surnadalingar som har meldt seg på kampanjen gjennom nettsida sommarles.no.
Les heile saka