Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bjørnrud til sals – Ny pris på FINN.NO

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. september 2015

Tidelegare i sommar vart einebustaden Bjørnrud lagt ut for sal, men det vart ikkje noko sal i første runde. No ser vi på FINN.NO at bustaden har fått ny og lågare pris, – der prisantydinga er på 990.000.  Fleire opplysningar finn du ved å følge linken til annonsen på Finn.no.


Korleis var sommaren 2015, egentleg?

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. september 2015

Alle klagar på den elendige sommaren – i år har det regna heile sommaren, og gradstokken har mange dagar vist einsifra gradtal, seier mange. Men var vëret egentleg så dårleg i sommar – og korleis var temperaturen samanlikna med dei tidlegare sommarane? Antal sommardagar er ein god indikator på korleis sommaren har vore – ein sommardag er ein dag kor maksimumstemperaturen har vore minst 20 grader – eller meir i løpet av døgnet.

Les heile saka

Trollheimsmarsjen 2015 – søndag 6. september

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. september 2015

Søndag 6. september er klart for årets Trollheimsmarsj, med start frå Bordholmen i Todalen og den velkjente ruta over Vardan til målgang på Ålvundeid. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Todalen I.L. og I.L. Ulvungen, og som har nært samarbeid med Trollheimstunnelen. Det blir sett opp bussar frå Ålvundeid til Todalen før starten, og bussar i retur frå Ålvundeid til Todalen etter målgang slik som tidlegare.

Les heile saka

Innspurt på valkampen

Jon Olav Ørsal Fredag 4. september 2015

Det er vel ikkje rett å seie at Jon Bruset gjorde sine hoser grønne, men han kom iallfall på døra med ei valkamp-rose fredag kveld. Etter at dei politiske parti i tur og orden har stått på valkampstand i kjøpesentra og andre plassar der folk ferdes går valkompen no mot slutten. Surnadal Arbeiderparti markerte med å kome på døra til folk med ei rød rose, og Jon tok runden til alle heimar i Todalen.

Les heile saka

52/17 Søndagsturen til Tørsåsløå i Rindal

Jon Olav Ørsal Fredag 4. september 2015

Denne helga går 52/17 søndagsturen til Rindal, der Tørsåsen vel er vertskap. Tørsåsløå er eit velkjent tur- og trimmål i Rindal, og er mykje besøkt både sommar og vinter. Du tek av frå FV65 ved Bolme pensjonat og kjører 3 km etter bomveg til Tørsåsen. Arrangøren byr på gratis kaffe frå svartkjel og sal av vaflar.

Les heile saka

Dagens StikkUt-mål: Strengen.

Dordi Jorunn Halle Torsdag 3. september 2015

Strengen er eit av dei tolv Stikk UT-måla i Surnadal kommune. Sjølv om Strengen er berre 890 meter over havet, så er det ein fantastisk flott og variert utsikt frå toppen. Her ser ein ut mot havet, flystripa på Kvernberget, fjordar, dalar, bygder, vatn, Kvennaferjå og ikkje minst fjell i alle retningar. Det er mange […]

Les heile saka

Stem på månadens bilete for august

Ole Petter Talgø Torsdag 3. september 2015

Den siste (og for 2015 sin del, første?) sommarmånaden er ferdig, og vi skal finne ut hvilken fotograf som blir kåra til vinnar av månadens bilete for august.

Les heile saka

Vamp-vokalist Vidar Johnsen til Bøfjorden

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. september 2015

Storkonserten i Bøfjorden med Vidar Johnsen kjent fra «Vamp» 19.september nærmer seg med stormskritt. Johnsen feirer 30 år som artist og har nå startet på en omfattende Norges-turnè. I høst får bøfjordingene besøk av Haugesunds store sønn!

Les heile saka

Målrik kamp på Bordholmen

Dordi Jorunn Halle Onsdag 2. september 2015

Onsdag kveld var det fotballkamp i klassen gutar ti år på Bordholmen, Søya/Todalen møtte Surnadal 4.   Det vart ein artig og spennade kamp med riktig god innsats og mange store målsjansar! Mange mål vart det og, kampen enda uavgjort 8 – 8, eit perfekt resultat! Både spelarane og trenarane var godt godt fornøgde etter […]

Les heile saka

Matkroken: Overgang til COOP-butikk

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. september 2015

Som meddelt tidligere, så holder vi stengt butikken fra start i dag onsdag. Vi åpner utpå ettermiddagen, så snart nytt data-anlegg og ny kasse er montert og i funksjon, skriv handelsmann Nordvik i en pressemelding til Todalen.no. I morgen – torsdag 3. september skifter vi bakerileverandør. Da går vi over til COOP Bakeri Goman. Det betyr nye brødsorter og nye bløtkaker. I denne sammenheng så vil vi torsdag og fredag tilby smaksprøver både på brød og bløtkaker, og vi ønsker derfor alle kunder velkommen til butikken for å smake på «godsakene»!

Les heile saka

Fortsett å melde inn observasjonar av skadelege planteartar

Elinor Bolme Onsdag 2. september 2015

Spreiing av framande skadelege planteartar utgjer ein stor trussel mot naturmangfaldet, t.d. kan naturleg stadeigne artar bli utkonkurrert og utrydda. I Norge utgjer dette ein økologisk risiko som har gjort at miljøforvaltninga for tida har temaet høgt oppe på dagsorden. Surnadal kommune har i 2015 fått kr. 30 000 frå fylkesmannen i Møre og Romsdal til kartlegging av kjempespringfrø, parkslirekne og rynkerose.

Les heile saka