Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fortsett å melde inn observasjonar av skadelege planteartar

Elinor Bolme Onsdag 2. september 2015

Spreiing av framande skadelege planteartar utgjer ein stor trussel mot naturmangfaldet, t.d. kan naturleg stadeigne artar bli utkonkurrert og utrydda. I Norge utgjer dette ein økologisk risiko som har gjort at miljøforvaltninga for tida har temaet høgt oppe på dagsorden. Surnadal kommune har i 2015 fått kr. 30 000 frå fylkesmannen i Møre og Romsdal til kartlegging av kjempespringfrø, parkslirekne og rynkerose. Desse tre planteartane står på Artsdatabankens svarteliste for karplanter og inngår i lista over artar som det fra 1. januar 2016 vil være forbudt å innføre, sette ut og omsette i Norge.

I den anledning har Surnadal kommune tidlegare i sommar oppfordra sine innbyggjarar til å bidra med informasjon om desse artane, slik at dei får kartlagt utbreeinga lokalt i kommunen. Kartlegginga i 2015 vil bli utført av iTrollheimen ved Gøran Bolme og vil danne grunnlag for fjerning og avgrensing av forekomstar i regi av Surnadal kommune i åra framover. Han fortel at det er komne fleire innmeldingar av observasjoner, men oppfordrar gjerne at folk melder inn fleire. Det er også muleg at registrering av observasjonar vil fortsette i 2016 fortel han.

Les heile orienteringa frå miljøvernrådgivar Bodil Gjeldnes i hos Surnadal Kommune: Framande skadelege planteartar i Surnadal

Kva kan du gjere?

– Grunneigarar og hageeigarar oppfordrast til å bekjempe artane. Dette må skje på rett måte for å hindre ytterlegare spreiing.

– Meld frå om større og mindre førekomstar av kjempespringfrø, parkslirekne og rynkerose til: post@itrollheimen.no

rynkerose nerbilde
Rynkerosa er fin å sjå til og luktar utruleg godt. I Todalen finst ho blandt anna rett ved vernesona i båthamna/badeplassen, og i hagen til overredaktør Ørsal.
parkslirekne
Parkslirekne

 

kjempespringfr
Kjempespringfrø har du heilt sikkert sett fleire plassar i sommar?
Først publisert: 2. september 2015, 05:35 - Sist oppdatert: 31. august 2015, 22:44