Under søndagens gudsteneste vart konfirmantane for 2016 presentert. Dei er 2 i talet, og startar no konfirmasjonsførebuinga i lag med konfirmantane i Stangvik, fortalte sokneprest Bernt Venås, da han ønska dei velkomne som konfirmantar under gudstenesta. Sjølv om dei berre er to, så var han sikker på at dei skulle få ei fin tid saman dei neste to semestra, fram til konfirmasjonen som blir søndag 8. mai i Todalen kyrkje.
Les heile sakaJaktdag på Felleskjøpet
Jakta på hjort er godt i gang, og den 10. september er det også klart for årets elgjakt. I den anledning ønsker Felleskjøpet å innvitere til jaktdag førstkommande tirsdag. Dei lover gode tilbud, enkel servering og utveksling av erfaring.
Les heile sakaTrollheimsmarsjen – dei første har starta på turen over fjellet
Trollheimsmarsjen er i gang – dei første er forlengst på tur frå Bordholmen og er klare til å ta fatt på Ørsallia på tur til Ålvundeid. I morgontimane regna det godt, og det var litt tvil om det var forsvarleg å sleppe folk over fjellet, men i 9-tida var det verste regnet over, og etterkvart letta skodda. Yr.no melder lettare vêr etter kvart, og det blir nok etter kvart bra turvêr, trur arrangøren. Starten for Trollheimsmarsjen går fram til kl 11 i føremiddag.
Les heile sakaSøndag: Ettermiddagskonsert med Noora Noor, Dr. Bekken og Richard Gjems
Søndag ettermiddag kan du gle deg til ein spennande ettermiddagskonsert på Todalhytta. Da kjem Noora Noor, Dr. Bekken og Richard Gjems direkte frå konsertpremiere i Stjørdal til Todalshytta – neste helg avsluttar dei miniturneen i Kongsvinger og i Oslo.
Les heile sakaBjørnrud til sals – Ny pris på FINN.NO
Tidelegare i sommar vart einebustaden Bjørnrud lagt ut for sal, men det vart ikkje noko sal i første runde. No ser vi på FINN.NO at bustaden har fått ny og lågare pris, – der prisantydinga er på 990.000. Fleire opplysningar finn du ved å følge linken til annonsen på Finn.no.
Korleis var sommaren 2015, egentleg?
Alle klagar på den elendige sommaren – i år har det regna heile sommaren, og gradstokken har mange dagar vist einsifra gradtal, seier mange. Men var vëret egentleg så dårleg i sommar – og korleis var temperaturen samanlikna med dei tidlegare sommarane? Antal sommardagar er ein god indikator på korleis sommaren har vore – ein sommardag er ein dag kor maksimumstemperaturen har vore minst 20 grader – eller meir i løpet av døgnet.
Les heile sakaTrollheimsmarsjen 2015 – søndag 6. september
Søndag 6. september er klart for årets Trollheimsmarsj, med start frå Bordholmen i Todalen og den velkjente ruta over Vardan til målgang på Ålvundeid. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Todalen I.L. og I.L. Ulvungen, og som har nært samarbeid med Trollheimstunnelen. Det blir sett opp bussar frå Ålvundeid til Todalen før starten, og bussar i retur frå Ålvundeid til Todalen etter målgang slik som tidlegare.
Les heile sakaInnspurt på valkampen
Det er vel ikkje rett å seie at Jon Bruset gjorde sine hoser grønne, men han kom iallfall på døra med ei valkamp-rose fredag kveld. Etter at dei politiske parti i tur og orden har stått på valkampstand i kjøpesentra og andre plassar der folk ferdes går valkompen no mot slutten. Surnadal Arbeiderparti markerte med å kome på døra til folk med ei rød rose, og Jon tok runden til alle heimar i Todalen.
Les heile saka52/17 Søndagsturen til Tørsåsløå i Rindal
Denne helga går 52/17 søndagsturen til Rindal, der Tørsåsen vel er vertskap. Tørsåsløå er eit velkjent tur- og trimmål i Rindal, og er mykje besøkt både sommar og vinter. Du tek av frå FV65 ved Bolme pensjonat og kjører 3 km etter bomveg til Tørsåsen. Arrangøren byr på gratis kaffe frå svartkjel og sal av vaflar.
Les heile sakaDagens StikkUt-mål: Strengen.
Strengen er eit av dei tolv Stikk UT-måla i Surnadal kommune. Sjølv om Strengen er berre 890 meter over havet, så er det ein fantastisk flott og variert utsikt frå toppen. Her ser ein ut mot havet, flystripa på Kvernberget, fjordar, dalar, bygder, vatn, Kvennaferjå og ikkje minst fjell i alle retningar. Det er mange […]
Les heile sakaStem på månadens bilete for august
Den siste (og for 2015 sin del, første?) sommarmånaden er ferdig, og vi skal finne ut hvilken fotograf som blir kåra til vinnar av månadens bilete for august.
Les heile sakaVamp-vokalist Vidar Johnsen til Bøfjorden
Storkonserten i Bøfjorden med Vidar Johnsen kjent fra «Vamp» 19.september nærmer seg med stormskritt. Johnsen feirer 30 år som artist og har nå startet på en omfattende Norges-turnè. I høst får bøfjordingene besøk av Haugesunds store sønn!
Les heile saka