Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Godt oppmøte gav effektiv dugnad

Elinor Bolme Onsdag 26. april 2017

I kveld var det dugnad på kyrkjegarden. Langt over 30 mann stilte på rydding og fliing til vårs, og helgas konfirmasjon. Og med tanke på at snøen låg på plenene i dag tidleg gjekk likevel alt som planlagt. Heile areaet vart raka og kvist fjerna, medan påviste skeive gravstøtter fekk ny fyllmasse under slik at dei står ein sesong til.

Det er alltid godt oppmøte når soknerådet invterer til den årlege dugnaden på kyrkjegarden.

John Moe siktar, slik at Terje Nordvik og Anders Talgø får det så beint som muleg når dei fyller på masseunder nokre av gravstøttene.

Gudmund K Kvendset og Rune Moe flyttar og planerer nokre støtter.

Medan Liv Larsen, Ragnhild Ansnes Moe og Britt Mossing tek siste finpuss ved inngangsporten.

Kveldens bevertning var det Ester Karin Larsen, Sissel Heimlund og Britt Mossing som sto for.

Og det var godt med ein tur innomhus i varmen for å få seg ein matbit tykte Liv, Sigrun, Berit, Marit og Ottar.

Først publisert: 26. april 2017, 21:37 - Sist oppdatert: 27. april 2017, 12:35