Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Filmkveld med tema kraft og kraftutbygging

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. februar 2016

Komande onsdag – 2. mars kl 19.30 – inviterer Todalen historielag til filmkveld i Ungdomshuset, der temaet er kraft og kraftutbygging i Todalen. Det er eit filmopptak som Svein Åge Saken gjorde av Gudmund Halle, der han vart intervjua av Olav Kvendset i 1994. I løpet av samtalen og opptaket, rekk dei å innom mange deltema og får vel med den viktigaste delen av historia om kraftproduksjon og kraftutbygginga i Todalen.

Les heile saka


Innkalling til årsmøte i Søya og Todalen skytterlag

Jon Olav Ørsal Måndag 22. februar 2016

Torsdag 17. mars kl 19.30 blir det årsmøte på Gammelfabrikken i Brusetmarka. På dagsorden står vanlege årsmøtesaker og enkel servering. Eventuelle saker til behandling på årsmøtet må være leiar Håvard Halset i hende seinast 12. mars.

 


Karen Johanne vart CD-vinnar

Jon Olav Ørsal Måndag 22. februar 2016

Vi fikk mange svar på konkurransen om å vinne den nye CD’n “The Meeting of the Waters”, som Jeff Wasserman hadde donert til lesarane på Todalen.no. Det var nok lett match, for alle hadde rett svar, så det vart ei rein trekking mellom deltakarane på vårt «lynlotteri». Den heldinge vinnaren vart Karen Johanne Talgø, som vil få premien i løpet av dagen.

Les heile saka


Kulturhuset – Flust med film i vinterferien

Steinar Hasselø Laurdag 20. februar 2016

Det er vinterferie og Surnadal kulturhus skal gjera sitt til at dagane blir enda meir minnerike – også for dei av oss som ikkje har ferie. Kinoen vil difor kjøre 20 framsyningar i løpet av dei komande 10 dagane! Her blir det flust med ekstraforestillingar både på dagtid og kveldstid med eit utval av filmar som dekkjer ønska til dei aller fleste.

Les heile saka

No kan du vinne Jeff Wassermans nye CD

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. februar 2016

For ei vekes tid sia hadde vi ein liten omtale om Jeff Wassermans nye CD “The Meeting of the Waters”. Denne veka dumpa det ein CD i postkassa, saman med ei helsing frå Jeff. CD’n er signert og nummerert og den lodder vi ut – eller rettare sagt brukar som premie til ein liten enkel konkurranse […]

Les heile saka

Nyoppkjøyrde løyper til helgaturen

Elinor Bolme Fredag 19. februar 2016

Scootekomiteen melder om nyoppkjøyrde spor på sørsida av Todalsfjella. Skispora går opp frå Øyalia og til skihytta, samt spor frå skihytta over Snekkerdalshalsen til Tristeinane og ned att til Innerdalsmerket. I går vart det i tillegg oppkjøyrd spor frå Tristeinane og opp på Midtryggen.

Les heile saka

Slik kan det gå….

Elinor Bolme Torsdag 18. februar 2016

I dag fikk vi ein epost frå Ola Einar Øyen, direkte frå sjukesenga på St Olav i Trondheim. Han var i overkant uheldig på tur til arbeid i går morgon, og håper med si helsing at andre kan ta lærdom av at stress i morgontimane kan føre til uforutsette ulykkeshendingar.

Les heile saka

ÅRSMØTE OG INSPIRASJONSKVELD

Elinor Bolme Onsdag 17. februar 2016

Torsdag kveld klokka 19.00 ønsker Surnadal Jeger og fiskeforening alle interesserte velkommen til ein inspirerande og sosial årsmøtekveld på Thon Hotel Vårsøg. Frå eit variert program kan det nemnast:

Les heile saka

Søndag kan du prøve deg på skimerket!

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. februar 2016

I samband med barn i løype førstkomande søndag, vil det bli høve til å prøve seg på skimerket, melder ski- og friidrettsgruppa i Todalen idrettslag. Det er start kl 14.00, – og det skjer i lysløypa på Tjønnmyra.

Les heile saka

Har du lyst til å bli brannkonstabel

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. februar 2016

Surnadal kommune lyser ut ledig stilling som brannkonstabel i Todalen.  Brannlaget i Todalen består av 6 mann, og no er altså ei av stillingane ledig for snarleg tiltreding. Det lokale brannlaget har ein viktig funksjon i bygda, og dei har gjennom sin innsats klart å berge store verdia – vi nemner berre brannen på Todalsøra […]

Les heile saka