Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gjev pris til Talgø på Nordekmessa på Hamar

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. februar 2016

Etterjulsvinteren er travel messetid for byggvaresektoren. Denne veka har det vore Nordekmesse på Hamar der, Talgø har delteke i knivskarp konkurranse med mange aktørar i bransjen. Etter kvart har denne gjengen vorte vant til å delta på prisutdelingar, og denne gongen gikk Talgø heilt til topps og fekk prisen for beste stand på Nordekmessa. Nordek er ein viktig kunde for Talgø og det er ei flott annerkjenning å få ein slik pris, seier salssjef Brynjar Moe til Todalen.no

Les heile saka

I dag:Sonerenn avlyst

Elinor Bolme Torsdag 4. februar 2016

ØSIL IL melder no om at dei desverre må avlyse kveldens sonerenn grunna tekniske problem med maskinparken sin. Ny dato er foreløpig ikkje sett opp.


Nytt liv til Toåa – sette ut rognboksar

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. februar 2016

Onsdag var det aksjon med utsetting av befrukta rogn i Toåa. Tilsaman 23 000 augerogn vart sett ut i såkalla vibertboksar, der dei fortsett å utvikle seg til yngel og etter kvart forlet den trygge «heimen» dei har i boksen og tek seg ut i elvastraumen. Da startar den farefulle ferda – først ut i elva og seinare mot havet og oppvekst der. Det er nok mange som bukkar under på ferda, av mange årsaker, men nokre kjem kanskje att som fine laksar og kan være med og bidra til å føre genane vidare i Toåa.

Les heile saka

Årsmøte i Todalen sanitetsforening

Dordi Jorunn Halle Onsdag 3. februar 2016

Hundreåringen Todalen sanitetsforening avvikla årsmøtet sitt i Sanitetshuset 2. februar. Årsmelding og rekneskap syner at laget har stor aktivitet. I årsmeldinga kan vi mellom anna lese om desse tiltaka: Pussa opp ein av bustadene i Sanitetshuset Delteke på den landsomfattande «Raud knapp»-aksjonen – stopp vald mot kvinner Fadder for ei sanitetsforeining i Etiopia Aksjon RUSS […]

Les heile saka

Svorka førebur seg på framtida

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. februar 2016

Auka satsing på innovasjon og fiber er satsingsområde for Svorka når dei skal førebu seg på framtida. – Vi jobbar i ein bransje med ny teknologi og store endringar. Endringane skjer fort, og det vil gje os store utfordingar, seier Halvard Fjellvær som er leiar i Svorka.

Les heile saka

Stem på månadens bilete for januar

Ole Petter Talgø Tysdag 2. februar 2016

Vi har komme over til ein ny månad, og det betyr første avstemning for månadens bilete i 2016. Kandidatane til månadens bilete blir plukka ut av redaksjonen blant bileta vi la ut den månaden, og deretter får lesarane våre muligheit til å stemme fram sine kandidatar i ei lita veke. Vi takkar for alle bidrag til dagens bilete gjennom heile januar!

Les heile saka

Fine forhold på Tjønnmyra

Dordi Jorunn Halle Måndag 1. februar 2016

Siste søndagen i januar vart ein fin vinterdag med riktig så flotte forhold i lysløypa på Tjønnmyra. Det var nyoppkjørte, fine dårer og godt skiføre. Ski- og friidrettsgruppa arrangerte barn i løypa, og mange tok turen for å kosa seg med ski og akebrett. Arrangøren noterte deltakarar og serverte saft. Og deltakarane var blide og fornøgde. […]

Les heile saka

Ø.S.I.L. – Inviterer til sonerenn torsdag kveld

Jon Olav Ørsal Måndag 1. februar 2016

Med skiføret kom sonerenna på rekke og rad – denne uken er det ØSIL som er arrangør. Øvre Surnadal IL inviterer til sonerenn torsdag 4. februar kl. 18.30. Rennet går i fristil, ordinære distanser. Opp til og med 8 år – 500 meter, 9/10 år -1 km, 11/12 år-2 km, 13/14 år- 3 km, 15 år og eldre -5 km. Løperne går i den klassen de fyller i løpet av 2016.

Les heile saka

Problemer med publisering av nyheter

Ole Petter Talgø Måndag 1. februar 2016

Vi har i dag litt problemer med publisering av nyheter. På grunn av dette kan nyheter i dag bli litt forsinka, det beklager vi. Forhåpentligvis får vi ordnet opp i problemet i løpet av dagen.

Oppdatert: Vi har funne problemet og løst det, så todalsnyhetene kan no serverast rykande ferske.


Ny giv for veggpanel

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. januar 2016

Hovudproduksjonen ved Talgø Møbelfabrikk i Todalen er i dag ferdigmåla interiørpanel til byggvaremarknaden. No er det duka for ny giv for panelproduksjonen etter at Talgø og byggvarekjeda Montér har utvikla nye panelprodukt i samarbeid med produktutviklarar frå Interiørgruppa. Sia før jul har utviklingsarbeidet av forskjellige variantar med nye profilar og fargar gått føre seg, det […]

Les heile saka

Pipebrann på Nordvik

Jon Olav Ørsal Fredag 29. januar 2016

Det er meldt om pipebrann på Nordvik. Vi kjenner ikkje detaljane, men har info om at brannvesenet er på staden.