Ja, det får være Øystein Sundes ord, for på skytebanen i Ranheimsvingen der er det treffsikre skyttarar på standplassen. Da vi stakk innom hadde dei aller fleste gjort unna skytinga og med god resultat. Søya og Todalen skytterlag er iallfall i full gang med skyteprøver til storviltjakta – no blir det skyting kvar måndagskveld frå kl 18 til kl 20 heilt til utangen av august.
Les heile sakaEnda eit turtips: – Åmotan og Vangshaugen
Søndag såg ut til å bli ein grå dag – utan sol og finvêr som vi har vorte vante til dei siste dagane. Dersom dette var havskodde, så er det sikkert fint å kome seg opp i høgda, tenkte vi og da stå valet mellom to destinasjonar – enten Fjellgardane og Vangshaugen eller Aursjøvegen. – Valet fall på Fjellgardene og dermed bar det i veg til Sunndal og oppover til Gjøra, der vi svinga av frå RV70. Til Vangshaugen er det 14 km frå krysset på Gjøra.
Les heile sakaDagens turtips: Nauståfossen ved Kårvatn
Med langtidsvarsel på yr.no som lovar sumarvêr og temperaturar som ligg langt over det vi har vore vant til den siste tida, kan vi kome med ei anbefalt utflukt som kan passe for alle – nemleg til Nauståfossen ved Kårvatn. Enten du har eit lokalt utgangspunkt eller om du startar med bil så blir parkeringsplassen på Kårvatn utgangspunktet for fotturen.
Les heile sakaKristiansvarden på Skarfjellet
Kristiansvarden er eit kjent landmerke på turen frå Todalen til Surnadal. På tur frå Hauahyllå innover mot Skei ser ein Kristiansvarden trone mot himmelen ovanfor Kvennbøgardane.
Les heile sakaKrig, Brannmann Sam og slikt på Surnadal kino
Ein skulle ikkje tru to «krigsfilmar» skulle få så gjennomgåande gode kritikkar. Ulike er dei også.
Den eine, «Dunkirk», er basert på den sanne historia der 400.000 soldatar er på vill flukt frå den tyske
overmakta ved Dunkerque våren 1940. Der møter dei havet og det ligg an til å bli krigens verste
nedslakting av soldatar – og 2. verdskrig ville muleg fått eit heilt anna utfall om det hadde skjedd. Da
blir det mobilisert det som er er av båtar på andre sida av kanalen for å redde soldatane «heim» til
England i tide.
Laurdag: Todalshytta inviterer til kortreist festmiddag
Laurdag inviterer Todalshytta til en 3-retters festmiddag av det eksklusive slaget. Her vil kjøkkensjefen Jan Larsen by på det ypperste av lokale og kortreiste råvarer, og vi vis vise kva potensiale hyttas kjøkken kan by sine gjestar, seier Eric Malling når han promoterer dette festmåltidet som frå no skal bli ein årleg tradisjon på Todalshytta. Han tykkjer at Todalshytta med all den gamle fiske- og jakthistorikken fortener ein eigen kveld med ein slik bankett.
Les heile sakaLaksefisket i Toåa – midtsesongevaluering utan tiltak
Det har vore knytt stor spenning til midtsesongevalueringa av laksefisket i Toåa i år. 15. juli var vi midt i sesongen ( 15. juni – 15. august), og det er ikkje til å bortforklare at denne sesongen har vore spesiell, seier leiar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset til Todalen.no. Med eit 10-tals storlaksar alt første dag låg det an til eit kjempeår for laksefisket – men slik gikk det ikkje….
Les heile sakaSkadd hjortekalv måtte avlivast
Forrige veke observerte Åshild Halle ein pjusk hjortekalv ved Husbysetrene i Romådalen. Ho varsla Nils Ove Bruset som raskt kontakta Viltnemda i Surnadal kommune. Ved slike tilfeller skal alltid viltnemd og politi varslas, slik at dei kan avgjere kva for tiltak som skal iverksettast. Ragnar Halle som er leiar i viltnemda let Nils Ove ta oppdraget med å sjå nærare på den skadde kalven, og eventuelt avlive den.
Les heile sakaStemming utanfor ordinært valgtidspunkt
Til hausten er det ny runde med valg. Denne gongen er det Stortingsvalget som skal gjennomførast 11. september. Det skal da velgas representantar til Stortinget, for perioden 2017–2021. Veljarar som ikkje har høve til å stemme i løpet av den ordinære perioden for førehandsstemming frå 10. august til 8. september, eller på valdagen 11. september, kan allereie no vende seg til kommunen for å avgi stemme.
Les heile sakaKreftforeningen takker Ræta Opp
Fra Ingvild Kårvatn har vi fått tilsendt takkebrev som Todalen IL/Ræta opp har mottatt fra Kreftforeningen. Det er kjekt å kunne vise til respons fra de som får pengene, skriver Ingvild. I tillegg får Treffpunkt Surnadal øremerket midler kreftforeningen på 4250kr som Surnadal Sparebank støtter, pga pins som ble kjøpt til løpet. Så da […]
Les heile sakaI dag: Konsert med Demker & Bretteville på Todalshytta
Todalshytta har for lengst innleia kultursommaren med låtskrivarseminar og tilhørande RAUS-konsert. I dag er det klart for meir kultur, når Johanna Demker og Alf Bretteville held sommarens første friluftskonsert på Todalhytta. Demker og Bretteville hadde eit omfattande samarbeid på 90-talen, men både arbeid, utdanning og familieliv gjorde at samarbeidet tok slutt den gongen – men no har dei funne tilbake igjen
Les heile sakaTek velfortent ferie – gode utsikter til hausten
Onsdag hadde byggdivisjonen ved Talgø MøreTre AS ferieavslutning for sine tilsette. Da vart det tid til samling på gammelfabrikken for litt informasjon og litt grillmat for heile gjengen. Divisjonssjef Svein Løvik orienterte dei tilsette om «rikets tilstand» og utsiktene for hausten. Han orienterte også om plana for utbygging av både royalanlegg og modernisering og utviding av elementfabrikken, samt modernisering og digitalisering av driftssystem/teknologi ved bedrifta.
Les heile saka