Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

G13 fotballkampen er avlyst

Elinor Bolme Torsdag 1. september 2016

Kveldens fotballkamp mellom G13-laga KUST og Elnesvågen på Bordholmen er avlyst. Derfor blir det nok desverre ikkje høve til å få kjøpt seg ettermiddagskaffe med bakels og græt i dag. Ny kampdag blir oppsett, men dato er ikke klar enno.

Les heile saka


Fra Todalen til Sandefjord.

Mari B. Redalen Onsdag 31. august 2016

Jeg heter Leif Arne Ness og er født i 69. Oppvokst på Bjørnrud med far Tor, mor Jorunn og storebror Ragnar. Jeg flyttet fra Todalen i 1995 til Oslo pga jobb. Jeg har to sønner, Ulrich født i ’96 og Fabian i ’99. Begge studerer og spiller fotball. Bor i dag i Sandefjord og er […]

Les heile saka

Siger til KUST G12

Dordi Jorunn Halle Tysdag 30. august 2016

Tysdag kveld var det duka for lokaloppgjer mellom KUST G 12 og Surnadal G 12 – 2 på Bordholmen. Det vart ein velspela og jamn kamp med stor innsats og mange gode målsjansar frå båe laga.

Les heile saka


Gammel årgang 17. mai-feiring

Elinor Bolme Tysdag 30. august 2016

Frå Todalen Historielags sitt arkiv på Facebook har vi funne nokre gamle bilder frå 17. mai i 1966 og 67. Her er årets tog på tur opp ungdomsstubrekkå. Bilda er levert av Åshild Halle.

Les heile saka

Ny uoffisiell trimbok

Elinor Bolme Tysdag 30. august 2016

Ikkje sikkert så mange er kjent med Ja-benken i Todalen. Det er eit fint turmål som kan få opp litt puls, og ikkje minst belønnar med ei fin utsikt over Todalen frå ein litt anna vinkel eller det vi vanlegvis ser. Under er ein liten turbeskrivelse, gått frå Jostua-vasshuset- Petlia- «Ja-benken»-Flathaugen-Jostua.

Les heile saka

Frå Todalen i Bondebladet

Elinor Bolme Måndag 29. august 2016

I siste utgave av Bondebladet er det ein fin reportasje om Håvard Halset som ønsker å satse på landbruket og ha dette som levebrød saman med sambuar og barn etter kvart. Møre og Romsdal er nedgangsfylke nummer ein når det gjeld landbruk. Også i Todalen er antal bruk redusert dei siste 10-åra, men dei som ennå held på vel å satse vidare.

Les heile saka

Første bygg fra elementfabrikken i Todalen – Ridehall til Bardu

Jon Olav Ørsal Måndag 29. august 2016

Måndag var det ein merkedag på Talgø – det første bygget frå den nye elementfabrikken vart lasta opp på 3 semitraller, og starta på turen oppover til mottakaren som held til i Bardu. På Eggen Gard i Bardu står stålkonstruksjonane klare til å ta i mot veggelementa som skal bli ein ridehall på rundt 1400 m2.

Les heile saka

Oppstart med strikkekaffe igjen

Elinor Bolme Måndag 29. august 2016

Todalen Sanitetsforening startar førstkommande laurdag den 3. september oppatt med strikkekaffe i Sanitetshuset. Her blir det fortsatt høve for ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan om du berre vil komme for eit triveleg selskap utan noko mellom hendene.

Les heile saka

3 kampar på Bordholmen

Elinor Bolme Sundag 28. august 2016

Denne veka blir det spela heile tre fotballkampar på Bordholmen. Tirsdag 3o.8 møter Søya/Todalen G12 Surnadal 2. Onsdag 31.8 møter Søya/Todalen G10 Surnadal 5 i nok eit lokaloppgjør. Og torsdag 1.9 er det Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen G13 som gjorde det så bra i Norway cup som møter Elnesvågen.

Les heile saka

«Spikbua» – Flytta ut butikken i finvêret

Jon Olav Ørsal Sundag 28. august 2016

Det er ikkje noko nytt å ha utestand for Bernt Jørgensen. Alt før 85-åringen vart pensjonist, starta han med tresløyd på hobbybasis. Den gongen var det såpass stor produksjon, at han måtte ut i verden for å omsette produkta han laga. Dei første åra deltok Bernt på mange salgsmesser og ymse slag arrangement med sine tresløydprodukt. Etter […]

Les heile saka