Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny uoffisiell trimbok

Elinor Bolme Tysdag 30. august 2016

Ikkje sikkert så mange er kjent med Ja-benken i Todalen. Det er eit fint turmål som kan få opp litt puls, og ikkje minst belønnar med ei fin utsikt over Todalen frå ein litt anna vinkel eller det vi vanlegvis ser. Under er ein liten turbeskrivelse, gått frå Jostua-vasshuset- Petlia- «Ja-benken»-Flathaugen-Jostua.

image

Etter å ha passert vasshuset til Husby og Halle vasslag fortsett ein oppover, og held rett fram på denne gamle traktorvegen. Om ein tek opp til venstre (raudt merke på grana) kjem ein til Geitbrua, Knuken og Lauvåfjellet.

 

image

Merking innover Petlia.

image

Mange har opp i gjennom åra forsøkt å halde stien oppe. No sist er det Sidsel Kallseth Heimlund og mannen Asbjørn som har gjort ein innsats for å synleggjere den. Akkurat her er det litt ulendt, og krattet har fått eit lite overtak, så merkinga er grei for den som er usikker på vegen. Ein er no nesten framme på Ja-benken.

 

image

Her er det godt å ta ein pause. Sidsel K Heimlund har ordna med trimbok her, i eigen regi. Kanskje noko for trimgruppa å fortsette med, slik at fleire tek turen, og stien ikkje gror så lett att. I følge Sidsel kan ein også gå frå Flathaugen og rett opp. Dette er bratt, så vi anbefaler derfor turen opp/ned frå den gamle gapahuken oppå Flathaugen.

image

Upåklageleg utsikt!

 

image

Midt i bildet er Ja-benken. Ein kan også ta turen nedatt frå Flathaugen om stien som går ved Hallvardhytta og følgje kanten på ekra utover mot Husbygardane. No når kyrne er ute er det like greit å ta vegen…

Først publisert: 30. august 2016, 06:00 - Sist oppdatert: 27. august 2016, 08:54