Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Spikbua» – Flytta ut butikken i finvêret

Jon Olav Ørsal Sundag 28. august 2016

Det er ikkje noko nytt å ha utestand for Bernt Jørgensen. Alt før 85-åringen vart pensjonist, starta han med tresløyd på hobbybasis. Den gongen var det såpass stor produksjon, at han måtte ut i verden for å omsette produkta han laga. Dei første åra deltok Bernt på mange salgsmesser og ymse slag arrangement med sine tresløydprodukt. Etter […]

Les heile saka

Snart klart for bustadbygging på Øygarden

Jon Olav Ørsal Sundag 28. august 2016

Reguleringsplana for Øygarden bustad på Nordvik er no lagt ut for offentleg ettersyn på heimesida til Surnadal kommune. Planforslaget viser eit nytt bustadområde på Nordvik. Det er også planlagt eige område for hytter, rorbuer/naust, samt småbåtanlegg og badeplass.

Les heile saka

Medlemsmøte Surnadal Sp

Elinor Bolme Sundag 28. august 2016

Surnadal Senterparti inviterer til medlemsmøte – MANDAG DEN 29. AUGUST KL. 20.00 – på Surnadal kommunehus (Kommunestyresalen).

Les heile saka

Trollheimsmarsjen 2016 – søndag 4. september

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. august 2016

Bli med på Trollheimsmarsjen, oppfordrar I.L. Ulvungen og Todalen I.L. Trollheimsmarsjen er eit samarbeidsprosjekt mellom dei to laga, og marsjen har start på Bordholmen stadion i Todalen, og går over fjellet til Ålvundeid og har målgang på Leikvoll stadion – tilsaman rundt 13 km frå start til mål.

Les heile saka

Kjempedag tross litt ruskevêr

Elinor Bolme Laurdag 27. august 2016

Shortsføre med strålande sol og tendensar til solbrilleskille var ikkje det som dominerte på Søyabanen i dag under årets Søyacup. Likevel gikk årets arrangement som ein leik for det drevne mannskapet som står bak. Med smått og stort er det rundt 80 frivillige som står på for at nesten 550 ungar i alderen 6-12 år fordelt på 72 lag får ein minnerik dag på fotballbanen.

Les heile saka

Røde kors med loppemarked

Elinor Bolme Laurdag 27. august 2016

Surnadal Røde Kors arrangerer årets loppemarked lørdag 17. september. Er det nokon som har lopper, kan desse leveres tirsdag 30. august kl 1930-2100 i Røde Kors – huset på Bøvra.

Les heile saka

Vi mimrer….

Elinor Bolme Laurdag 27. august 2016

I hovedbildet har vi todalingar fødde i 1977, 1978 og 1979, no vorte vaksne og er sist i 30-åra. Desse gjekk på korttidsbarnehagen som var i Ungdomshuset på den tida.

Les heile saka

Teatertur til Trondheim

Elinor Bolme Laurdag 27. august 2016

Indre Nordmøre Senioruniversitet arrangerer teatertur til Trondheim laurdag 10. september. Avreise med buss frå Surnadal kl. 1330. Det blir besøk på Trøndelag Teater for å sjå Hedda Gabler.

Les heile saka

Nye grunnmurar i ein fei…

Jon Olav Ørsal Fredag 26. august 2016

Det siste året har det vore stor byggeaktivitet – bustadhus og landbruksbygg har nærast «poppa opp». I dag har det vore stor aktivitet med mørtelbil hos naboen i Jostua på Husby. Her pågår det både renoveringsarbeid og tilbygg, og i løpet av nokre timar i føremiddag er grunnmurane til tilbygget støypt.

Les heile saka

Stavgang til Ranessetra

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. august 2016

Denne veka gikk stavgangturen til Ranessetra. Turen gikk via bomvegen til Skeisnebba, og vidare etter stien innover til Ranessetra. På Ranessetra serverte Nils Mogstad kaffe frå svartkjelen og fyrstekake som tilbehør til kaffen.

Les heile saka

Stakk til skogs

Elinor Bolme Torsdag 25. august 2016

Allerede på andre skuledagen benytta elevar og tilsette ved Todalen oppvekstsenter det fine vêret og tok ein utedag. Naturleg vis ikkje ein fridag, men ein dag med fagleg innhald tur retur Tårnet. Elevane vart frakta opp skogsvegen i Øyalia, og gjekk det siste stykket opp.

Les heile saka

Oppstart lagseriestemne

Elinor Bolme Onsdag 24. august 2016

I morgon klokka 18 er det oppstart med ein ny runde lagseriestemne fortel Ingeborg Myrvang til todalen.no. Da er alle ungar i bygda inviterte til Bordholmen for å teste ut sine ferdigheiter innan alskens friidrettsgreiner som lengde, ballkast og sprint for å nemne noko.

Les heile saka