Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kjempedag tross litt ruskevêr

Elinor Bolme Laurdag 27. august 2016

Shortsføre med strålande sol og tendensar til solbrilleskille var ikkje det som dominerte på Søyabanen i dag under årets Søyacup. Likevel gikk årets arrangement som ein leik for det drevne mannskapet som står bak. Med smått og stort er det rundt 80 frivillige som står på for at nesten 550 ungar i alderen 6-12 år fordelt på 72 lag får ein minnerik dag på fotballbanen.

Nytt av året var den nyinnkjøpte 3-banen ved klubbhuset som dei aller yngste spela i. I tråd med oppfordringar frå NFF om mest muleg ballberøring. Ellers var det tradisjonelt spel på 5’er for knøtte- og minilag og 7’er for lilleputt.

Til tross for dårlege vêrutsikter på morgonen var det likevel mykje folk som tok turen til Kvanne for å sjå på sine håpefulle. Dei frammøtte fekk både opphalds og regn i løpet av dagen, og grillmannskapet rapporterte om godt salg.

I løpet av dagen var også eit par mann frå arrangørkomiteen på runde for å sjå om det var nokre lag som utmerka seg i forbindelse med Fair Play. To lag brukar å få prisen for gode haldningar både på og utanfor banen. I år gjekk utmerkelsen til Vestbyen G10 1 og Rindal G12.

Under er eit rikhaldig bildegalleri frå arrangementet, med fare for dominans av todalsspelarar. Fleire bilder kjem før vi tek kveld. Alle foto ElinorB

 

Publisert: 27. august 2016, 14:21