Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Spikbua» – Flytta ut butikken i finvêret

Jon Olav Ørsal Sundag 28. august 2016

Det er ikkje noko nytt å ha utestand for Bernt Jørgensen. Alt før 85-åringen vart pensjonist, starta han med tresløyd på hobbybasis. Den gongen var det såpass stor produksjon, at han måtte ut i verden for å omsette produkta han laga. Dei første åra deltok Bernt på mange salgsmesser og ymse slag arrangement med sine tresløydprodukt. Etter kvart har han trappa ned aktiviteten på verkstaden, men litt avsetning må han ha, skal ikkje lageret fyllast. – Søndag føremiddag heldt Bernt på å rigge til salsutstilling bortmed vegen da vi passerte forbi.

Her kjem uststillinga på plass – litt av kvart å by på. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi stoppa og knipsa eit par bilder. her var det både skjærefjøler, fuglebrett og mykje anna rart som han har laga på verkstaden sin i kjellaren. – og så vart det så fint vêr at det er godt å være ute ei stund. bernt var forberedt på at det kan kome ei regnskur når det lir utpå dagen, men da ffår vi berre rydde varene under tak igjen.

Stopp når du passerer er vår oppfording – Bernt Jørgensen har mykje rart på bordet for ein billig penge og du finn sikkert eit eller anna som du treng?

Publisert: 28. august 2016, 10:59