Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Travel onnadag på Bårdshaugen

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. juni 2018

For femte år på rad har Dagsentret for eldre og Rehabsona i heimetenesta samarbeidd om å arrangere «onnadag» på uteområdet attafor sjukeheimen. Det er eit arrangement som engasjerer mange, og som skaper liv og røre. Her er folk og dyr i skjønn forening, og det er lagt vekt på at trivselfaktoren skal være høg både for store og små.

Sissel Krangnes med høna Priscilla hadde god kontakt, og kontakt med dyra det villa borna også ha på onnadagen. Foto: Jon Olav Ørsal

Som sagt er det dagsentret og heimtenesta som har teke initiativet til dette arrangementet som i stadi større grad grip om seg og får fleire deltakarar, fortel Ingvild Kårvatn frå heimetenesta. -Vi får god hjelp av ungdomsskulen, der elevar som har valfag i «innsats for eldre» og helsefagelevar på Surnadal vidaregåande deltek.  Sjølvsagt er det mykje ekstraarbeid og mange førebuingar som skal gjerast, men det er det verdt, seier Ingvild som tykkjer dette gir mykje tilbake.

Det var iallfall lett å sjå at dei eldre stortrivdes, og det var fleire som hiva seg borti og vart med på hesjing og både store og små kosa med dyra som var innlånt frå heile bygda. Det var både kaninar, hestar, geiter, høner og meir til som var med og skapte liv på uteområdet attafor sjukeheimen. Det var til og med muleg å få seg ein svingom, for Anders Moen og Oddmund Solem underheldt meir eller mindre heile dagen med trekkspella sine.

Rådmann Knut Haugen og Helse og omsorgssjef viste at dei verdsetter arbeidet med gåve som Inga Brøske og Laila Ulvestad tok i mot. Gåva markerte både 10-årsjubileet for Dagsentret og ein takk til driftige damer, sa rådmann Knut Haugen. Foto: Margrete Svinvik.

Vi har laga eit stor bildegalleri frå onnadagen på Bårdshaugen på Skei. Sjå kor triveleg det var og sjå om det er folk du kjenner på bilda?  Alle bilder Jon Olav Ørsal.

Publisert: 13. juni 2018, 18:50