Vi har kome til årets siste kåring av årets bilete, vi set stor pris på alle bidrag som er kome inn i løpet av året. Og håpar alle pluss fleire sendar oss bilete i det nye året òg.
Les heile saka
Vi har kome til årets siste kåring av årets bilete, vi set stor pris på alle bidrag som er kome inn i løpet av året. Og håpar alle pluss fleire sendar oss bilete i det nye året òg.
Les heile sakaI dag var det premiere for den VW T-Roc hos Sveen Auto. Da vi var innom ein snartur i dag gikk vi oss rett borti ei velsmakande bacalaogryte, og var slett ikkje åleine om det. Det var kortreist bacalao frå Norsk Kvalitetsmat, og den gikk unna. T-Roc er ein ny SUV som i størrelse er i klasse med VW Golf. I løpet av romjula er eit par bilar kome inn og i dag inviterte Sveen Auto på prøvekjøring.
Les heile saka«Den 12. mann» held stand!Det var smekkfullt da Surnadal kino viste «Den 12. mann» i romjula. Filmen vil minst gå ei veke til – og dessutan blir det plass til eit artig svensk gjensyn! «Solsidan – Filmen» gjekk i verste julestria. Mange hadde nok anna å tenkje på da, så Surnadal kino har sett opp filmen igjen laurdag 6. januar på ettermiddagstid (kl. 1630) – til glede for dei som har kosa seg med denne svenske komiserien på fjernsyn.
Les heile sakaSurnadal Normisjonsforening inviterer til nyttårsfest på Heilagtrekongarsdag laurdag 6. januar kl 16.00 i Eidet bedehus. I året som gjekk var det 150 år sidan Skrefsrud og Børresen starta misjonsarbeid i India, etter kvart Santalmisjonen, noko vi også ønskjer å markera, litt i etterkant.
Les heile sakaNordmøre og Romsdal fotballkrets inviterer nok ein gong til Fotballeder 1 kurs i Surnadal. Dette er eit kompetansehevings kurs for idrettslag som arbeider med og mot kvalitetsklubbstempel. Det er krav om at dei som sitt i styret i slike klubbar må ha gjennomført dette kurset. Men kurset er også veldig matnyttig for den «almenne frivillige» som gjer ein stor innsats i eigen klubb.
Les heile sakaVi er komne fram til årets siste dag, og vi har lagt attom oss eit år med mange hendingar og stor aktivitet på mange frontar. På Todalen.no har vi hatt ca 438.000 besøkande i løpet av året, og det er omtrent same tal som i fjor. Tala er imidlertid endra – det er stadig fleire som besøker nettsida som brukar telefonen i staden for datamaskin/Laptop. Positivt er det også at stadig fleire nye lesarar kjem til – i 2017 har talet unike besøkande auka med knappe 2% og er no oppe i 91.000. Da kan vi iallfall konkludere med at det er ikkje berre todalingar som «stikk innom» sida.
Les heile sakaBiblioteket startar opp med utlån igjen måndag 8. januar kl. 18.00 – 20.00, og held fram på måndagar inntil vidare – utanom skuleferien, melder Karen Johanne på biblioteket i Todalen,
som også ønsker Godt nyttår til alle som brukar biblioteket.
Søndag 31. desember kl 16.00 er det nyttårsgudsteneste i Todalen kyrkje. Soknepresten i Surnadal, Vidar Rygh, er liturg. Dåpshandling. Takkoffer til Kirkens SOS. Alle er velkomne til gudsteneste.
Etter vêrmeldinga på yr.no så vil kaldveret fortsette både komande, og neste veke. Yr.no melder om temperaturar frå eit par grader og oppover til 5-6 kuldegrader, men erfaringsvis vil nattetemperaturen bli eit par grader kaldare. mesteparten av perioden meldes det om sør-austleg vindretning og ingen nedbør bortsett fra nokre snøbyger komande tysdag.
Les heile sakaTirsdag 26. desember inviterte Pakkhuset kro til quiz – arrangementet er utsatt til 5. juledag.
Les heile sakaLitt hålkeføre la ikkje nokon stor dempar på Romjulsmarsjen på 3. juledag. Rundt 120 deltakarar deltok i den 6 km lange turen rundt bygda, for å få litt frisk luft og litt mosjon etter alle godsaker og julemat dei første juledagane.
Les heile sakaEn gammel tradisjon ble også holdt i hevd i år med juletrefest i Nordvik Forsamlingshus 2. juledag. Oppmøte var riktig bra med barn og voksne, og det er gledelig med alle barna i forskjellige alderstrinn. Leder i festkomiteen, Hanne Waag, ønsket velkommen, og las Juleevangeliet.
Les heile saka