Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Prosjekt 17-koret bur seg på julekonsert

Jon Olav Ørsal Fredag 8. desember 2017

Desember er tid for julekonsertar – både i kyrkjehus og andre plassar. For prosjekt 17-koret er det ikkje noko unntak, for dei ligg no i hardtrening fram til julekonsertane i Todalen kyrkje og i Åsskard kyrkje no søndag 17. desember. Det er enno halvanna veke att, og no er det hardkjør med øvingar.

Les heile saka

Status på vegarbeidet i Falla

Jon Olav Ørsal Fredag 8. desember 2017

Sprengningsarbeidet og utvidinga av vegen i Kufalla går unna. Det er Vatn Maskinstasjon som har kontrakt på arbeidet med å trygge vegen forbi Kufalla, der deler av vegen har rasa ut. Oppsynsmann Gunnar Bøe i Surnadal kommune seier til Todalen.no at dei sett alt inn på å gjenopne vegen før jul.

Les heile saka

Reparerer synkehol framfor butikken

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. desember 2017

Det er nok mange som spekulerer på kvifor det er gravd opp eit stort og djupt hol i asfalten framfor Matkroken. Det har nemleg danna seg eit lite synkehol framfor butikken, og det har skjedd i samband med sammenkopling av avløp frå fleire takrenner og hovudavløpet som har eit knutepunkt der.

Les heile saka

Fine skiforhold på Tjønnmyra

Elinor Bolme Onsdag 6. desember 2017

Det meldes om fine forhold i lysløypa på Tjønnmyra. Her er det berre å ta fram skiutstyret og få fart på blodsirkulasjonen melder Gunnar Nordvik som har ordna spor.


Tid for å melde seg på UKM!

Elinor Bolme Onsdag 6. desember 2017

No er det opna påmeldinga til UKM for Halsa, Rindal og Surnadal. Fristen for dei som vil vere med å arrangere er seinast torsdag 4. januar, medan dei som vil stille ut eller opptre må melde seg før måndag 22. januar 2018.

Les heile saka

Månadens bilete: Kulde

Mari B. Redalen Onsdag 6. desember 2017

Denne månaden ble det Sjur Fedje med bilete Kulde som vant. Med 90 av 263 stemmer. Haust på Ørsalfjellet, og morgonstemning ved Igltjønna var lenge med å kniva om seier.

Les heile saka


Fleirkulturell advendtssamling

Elinor Bolme Måndag 4. desember 2017

Kyrkja i Surnadal inviterer til advendtstund i Kyrkjelydshuset onsdag 6. desember kl .18.00. Det blir tenning av adventslys, synging av julesongar, lesing av juleevangeliet og servering av felles kveldsmat.  

Les heile saka

Julegrana på plass i Trudvangkrysset

Jon Olav Ørsal Sundag 3. desember 2017

Det er ein etablert tradisjon at julegrana i Brusetmarka tennes 1. søndag i advent. Slik av det også i år, og seremonien kom akkurat mellom to regnbyger da dei fleste innbygjarane frå Bruset til Kårvatn var samla til julegløgg og anna godt i samband med julegrantenninga.

Les heile saka

Juletorg på fleire plan i Surnadal

Jon Olav Ørsal Sundag 3. desember 2017

Det var mange som trossa regnvêret og tok turen til Skei, der det var både juletorg og julemesse. Ved kulturhuset var det juletorg både inne og ute, med Surnadal kommune og Kreativt Forum står som arrangør. I Gammelsamvirkelaget var det tradisjonell julemesse med Surnadal husflidslag som arrangør og eit stort utval i husflid av ymse slag.

Les heile saka

Frakkast julgatå i bøgd’n!

Elinor Bolme Laurdag 2. desember 2017

I kveldinga var det offisiell åpning av årets julegate på Kvenndset. PT-utvalget hadde i år ny vri på julegrantenning da vinden stort sett brukar å fare stygt åt med juletreet ved butikken. Derfor hadde dei investert i lys til dekorasjon på både butikken, Hett & Svett, Talgø og midtrabatten ved bensinanlegget. I tillegg er det oppsett fire koselege nissar som helsar dei forbipasserande.

Les heile saka

Siste strikkekafé før jul…

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. desember 2017

Til tross for at det nærmar seg travel julestrid var det bra deltaking på laurdagens strikkekafé i Sanitetshuset. Alle som har lyst kan kome og være med på strikkekafé og har du lyst kan du også ta med bundingen din eller anna handarbeid. Praten gjekk iallfall lett rundt bordet og da vi var innom var det dekking til kaffeservering og tid for ein liten kaffepause.

Les heile saka