Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

G14 fossar vidare, semifinale neste!

Elinor Bolme Torsdag 3. august 2017

G14 Surnadal/Søya /Todalen klarte i dag å slå arrangørklubb Bækkelaget IL 5-3 i sin kvartfinale i B-sluttspelet i dag tidleg. Det betyr nok ein dag med to kampar, da semifinalen går klokka 15.15 i dag, mot Halsa/Valsøyfjord. Eit lokaloppgjør langt heimafrå.

Les heile saka

Stem på månadens bilete for juli

Ole Petter Talgø Torsdag 3. august 2017

Sommaren er over oss og vi håpar at sola står på også utover i august, men det betyr også at vi skal finne vinnaren for månadens bilete for juli. Vi har valgt ut eit knippe av bileta som du kan velge blant for å vera med å bestemme hvilken bilete som skal premierast denne månaden. Du kan stemme eit gong om dagen fram til søndag.

Les heile saka

G14 overlegne i begge sine kampar, og går vidare!

Elinor Bolme Onsdag 2. august 2017

G14 Surnadal/Søya/Todalen møtte i dag Bjørn IL i 1/16-finale i B-sluttspelet, og kunne etter endt kamp juble etter ein solid 10-1 seier. Dette gjer at gutane allerede i kveld gjekk vidare til 1/8-finale mot Haugerud klokka 18.30. Og også den kampen tok gutane med storm. Dei var heldige med eit sjølvmål etter 4 minutt og Trym Schei Kvendset som fekk inn 2-0 etter 18 minutt.

Les heile saka

Den er kanskje den einaste i Europa?

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. august 2017

Vi snakkar om noko så uvanleg som ein Ford Mustang Sherrod 500S.  I går trefte vi Per Ørsal, som var på Todalstur med nettopp ein slik bil. Litt av ei kjerre må det vel kunne seiast, for det finns ikkje makan i Europa, og berre nokre få – kanskje berre eit tital i USA, fortel Per.  Han er bilentusiast på sin hals og har spesialisert seg på Ford Mustang, sjølv om også andre merke er interessant…

Les heile saka

I kveld: Trubaduren Bård Engh med konsert på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. august 2017

Onsdag kveld 2. august fortsett kultursommaren på Todalshytta.  Bård Engh er ein allsidig trubadur frå Kongsvingertraktene som trives på scena med gitaren sin, og er rik på erfaring i fleire sjangre. Onsdag 2. august kl 20.00 mønstrer Bård Engh utescena på Todalshytta

Les heile saka

Begge jentelaga klare for A-sluttspel

Elinor Bolme Tysdag 1. august 2017

Alle laga er no ferdige med dagens kampar og vi har nok ein gong fått både resultat og bilder tilsendt. Begge jentelaga vann sine kampar overlegent. J19 slo MSIL heile 11-0 og gjekk dermed direkte til 1/4-finale med walkover. J13 STUK endte på 2. plass i pulja etter 4-0 over Heia FK. G14 Surnadal/Søya/Todalen måtte sjå seg slått av Sokndal etter ein spanande kamp på Ekeberg no i ettermiddag. Dei endte dermed sist i si pulje og går til B-sluttspelet med ny kamp i morgon.

Les heile saka

Pussar vegkantane for å få vekk vatnet

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. august 2017

Blinkande orange lampar fortalte oss at det var eit eller anna som foregikk ved Todalshaugen. – det viste seg å være kantpuss som foregikk i regi av Mesta, der Holmestrandfirmaet Ole Martin Haug var innleid for å rense vekk sand, jord og gras på vegkantane det det er montert rekkverk.  – Og det arbeidet foregikk stort sett maskinelt…

Les heile saka

Halvgått Stikk UT!-sesong

Dordi Jorunn Halle Måndag 31. juli 2017

Sommarsesongen for Stikk UT! varer frå 1. mai til og med 31. oktober så no er sesongen halvgått, og det er mange som er ute på tur! Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal har 17 medlemskommunar med i alt 194 turmål. Dei første tre månadene er det registrert 174 529 turar fordelt på 12 763 turgåarar på Stikk UT!-sidene.

Les heile saka

Norway Cup dag 2: Jentene fortsett med seier

Elinor Bolme Måndag 31. juli 2017

Da er nok ein dag unnagjort for «våre» lag rundt om på dei ulike arenaene på Norway Cup. J13 STKU fortsett sin seiersrus og har i dag vunne 3-0 over Kvitseid. Med seier i morgon går dei direkte til A-sluttspelet. Under er resultata etter dag to, med nokre bilder frå dei ulike laga som vi […]

Les heile saka

Snart blir det drivstoff igjen..

Jon Olav Ørsal Måndag 31. juli 2017

Feil på drivstoffpumpa på HalsOil gjorde at det måtte ein reparasjon til. Bra at reparatøren ikkje bor lenger unna enn på Røv, da ein av fyllepistolane slutta å fungere. Gunnar Ståle Røv jobbar for firmaet Lier-firmaet Wennstrom som driv med reparasjon av bl.a. drivstoffanlegg, med Midt-Norge som distrikt.

Les heile saka

4 år sia «rasdagen» 31. juli 2013

Jon Olav Ørsal Måndag 31. juli 2017

Tida går fort – i dag er det faktisk 4 år sia det store raset gikk uti Stranda. Det isolerte bygda totalt, da det kutta både kraftlinje og veg inn til Todalen. Plutseleg var vi isolert, og vi måtte improvisere for å få ting til å fungere. Men det gikk, og det gikk bra. Sjølv om det var ferietid vart det funne løysingar på det meste, og alle la godviljen til for å finne løysingar – både i og utafor Todalen.

Les heile saka

Norway Cup 2017; dag 1

Elinor Bolme Sundag 30. juli 2017

Som tidlegare år, er også Todalen representert med spelarar på ulike lag under årets Norway Cup. Vi har på dag 1 fått tilsendt både bilder og resultat frå fleire av dei aktuelle laga som i dag har vore i aksjon i sin 1. kamp i det innleiande gruppespelet. Vi satsar på daglege oppdateringar med både resultat og bilder, på og utanfor banen.

Les heile saka