Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tapt og funnet….

Jon Olav Ørsal Måndag 14. august 2017

I helga vart det funne ein solid vinterjakke på vegkanten ved Ørsal-stabburet.  Det var ein skikkeleg stor og solid jakke – einsfaga blå og i størrelse 4 XL.  Det er altså snakk om vaksenmanns klær, som er funne, seier Johan K. Ørsal, som er finnaren.

Les heile saka

Ny stavgangsesong – start med tur til Iggeltjønna

Jon Olav Ørsal Sundag 13. august 2017

Torsdag 17. august er Surnadal pensjonistlags stavganggruppe i gang med høstsesongen. Oppmøte til vanleg tid ved Iggeltjønna i Rindalen. Så vandrar vi rundt tjønna og spiser maten vår ved badeplassen, skriv leiar Kristian Ranes i sin introduksjon av arrangementet, og legg til at vi gleder oss og ønsker kvar og ein vel møtt!


Vennskapeleg og fartfylt lokaloppgjør.

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. august 2017

Treningskampen mellom Todalen og Søya på Bordholmen laurdag ettermiddag, vart både artig og fartsfylt, og det vart godt kjempa av begge laga.  Både Todalen og Søya hadde fått litt forsterkingar til laget, og det var sjølvsagt med og gjorde kampen litt meir publikumsvennleg. 

Les heile saka

Tribuner under tak på Bordholmen under storkampen Søya – Todalen

Jon Olav Ørsal Fredag 11. august 2017

Det settes stadig større krav til standard og komfort på alle frontar.  Bordholmen er slett ikkje noko unntak, og det har Knut & Co i fotballgruppa tenkt å gjera noko med. Berre bla vidare og sjå korleis dei har løyst dette problemet under det store lokaloppgjøret mellom Todalen og Søya.

Les heile saka

Tapt-funne

Elinor Bolme Fredag 11. august 2017

Ein grønn puma-jakke vart funnet ved Legdvatnet 10.august. Om det er nokon som saknar den er det berre å ta turen til Andersstua så får du den att.


Oppstart for saniteten

Elinor Bolme Fredag 11. august 2017

Førstkommande tirsdag er det oppstart med medlemsmøter etter sommarferien. Sanitetsforeninga ønsker nye og gamle medlemmer hjerteleg velkomne til ein ny spennande haust ilag.

Les heile saka

Det lakkar mot sesongslutt

Jon Olav Ørsal Fredag 11. august 2017

Sommaren er kort og hektisk når ein tenkjer på beiteseongen i fjellet, og på tampen av sesongen er det alltid spennande å dra på tilsyn. På gårdagens trimtur trefte vi Per Åke Jakobsson på tur ned frå tilsynstur i området ved Sula.  Per Åke har over 300 sauer i området, som han jevnlig fører tilsyn med. Torsdag var også sonen Nils Erik og hundane Gaisa og Sita med på turen.

Les heile saka

SJFF inviterer til storhelg på Vaulen

Elinor Bolme Torsdag 10. august 2017

Surnadal Jeger- og Fiskerforening inviterer til aktivitetshelg på Vaulen, Nordmarka neste fredag og lørdag (18.-19.8).

Arrangementet er planlagt som ein overnattingstur, men det er selvfølgelig mulig å delta kun på laurdagen om ei ønsker det.

Les heile saka

Lokalderby på Bordholmen

Elinor Bolme Torsdag 10. august 2017

Førstkommande laurdag kl 14 møtes Todalen og Søya til fotballdyst på Bordholmen. Her blir det nok eit klassisk oppgjør der ingen av laga har tekt seg til hverken uavgjort eller tap. Begge laga har no i følge sikre kilder samla i hop sine fotballspelarar og speler for bygdas ære.

Les heile saka

Tømmer septiktanken annakvart år

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. august 2017

For eit par veker sia kom det varsel om tømming av septiktanken, med link til heimesida og kart over området. Denne veka har det pågått tømming av septiktankane rundt omkring i bygda. Norva24 Vest heiter firmaet som driv septiktømming, og har base i Stryn. No er det 2 år sia sist dei var her i same ærend. 

Les heile saka


Travel rundtur på Nordmøre – no er det valkamp

Jon Olav Ørsal Onsdag 9. august 2017

Det er berre ein månad att til Stortingsvalet og no tetnar nok valkampen til fram mot valdagen 11. september. Tysdag var det Arbeidarpartiet som gjorde framstøt og fekk drahjelp av partisekretær Kjersti Stavseng, som besøkte Nordmøre saman med APs 3. kandidat Tove Lise Torve og 4. kandidat Roger Osen i tillegg til valkampmedarbeidar Arne Grødal og med Lilly Gunn Nyheim som «reiseleiar».

Les heile saka