Vi er klare med månadens bilete kåring, bli med å stemma fram ein vinnar som får ei lita gåve fra oss.
Les heile saka
Vi er klare med månadens bilete kåring, bli med å stemma fram ein vinnar som får ei lita gåve fra oss.
Les heile sakaMåndag 3. september blir det Kløvertur til eit heilt nytt turmål, nemleg Øygardshalsen som ligg litt opp og ut for skianlegget på Vang. Dette er ein fin og lett tur i relativt flatt terreng, men når ein kjem opp til trimposten, er det fin utsikt. Utgangspunkt for turen er klubbhuset til Søya på Vang. Lengde på […]
Les heile sakaKlokka 9.00 starta dei første deltakarane frå Leikvoll på turen over Vardan og til Todalen. Det er i disse dager 10 år sia førte gong trollheimsmarsjen var arrangert i samband med 100-årsjubileet til I.L. Ulvungen og Todalen I.L.. Men dagens marsj er nr 9 i rekkja, for Marsjen har vore avlyst 2 gong i denne perioden. […]
Les heile sakaKyrkja i Surnadal inviterer til både bønnesamlingar, strikkekaffe og leksehjelp på Kyrkjelydshuset onsdager utover hausten. Leksehjelpa er for kvinner som går på Voksenopplæringa og i videregående skule, medan dei andre samlingane er for alle interesserte.
Les heile sakaDet var ein skikkeleg festdag i Svinvikbukta da SuSu-programmet arrangerte rokonkurranse der dei to geitbåtane – Fjordmerra og Hjelmkonnå var sentrale. Det vart stilt to lag for kvar side, første heat var eit lag frå Surnadal vidaregåande skule mot eit lag frå Sunndal Videregående skule, medan 2 heat var eit oppgjør mellom Søya/Todalen på ei side og eit blanda lag fra Sunndal. Her var det fullstendig utklassing og Søya/Todalen kom i mål nesten 2 minutt føre Sunndalslaget. Konkurransen skapte stort engasjement, men samtidig var det eit uhøgtideleg og artig innslag.
Les heile sakaErik Kårvatn har i helga delteke i Ungdomsmesterskapet (UM) i friidrett på Overhalla i Namdalen, og Erik var teken ut til å løpe 800 meter i klasse G15. Det er 23 deltakarar i klassen hans som har kvalifisert seg til å delta på UM på landsbasis, så det er eit høgt nivå. Erik er inne i sin første sesong på friidrettsbanen og trenar og deltek for Rindal I.L. der det er eit rikt friidrettsmiljø. UM var hans første storstemne så langt.
Les heile sakaDa er både «Hjelkånå» og «Fjordamerra» sjøsett i båthamna i Todalen og er på veg utover til Svinvika der rokonkurransen skal foregå. Nå blir forma finpussa og båtane blir klargjort for konkurransen. Familiedagen i Svinvika startar kl 13.00 og da blir det variert program utover dagen og ikkje minst servering av heimlaga fiskesuppe får Svinvik […]
Les heile sakaSvanhild Husby med band inviterte til «Lykkestynnj», og det vart ei god og fin stund i Ungdomshuset med vakker song og musikk; – tekster som varierte frå dei fine og vare til dei meir lette og humørfylte. Svanhild Husby er utruleg flink både med ord og tonar!
Les heile sakaI kveld var det stille før stormen i Svinvika. Laurdag er det venta storinnrykk til ro-konkurransen og familiedagen på brygga i Svinvika. Det blir både leiar for borna og quizkonkurranse, og ikkje minst blir det servering av heimelaga fiskesuppe og nystekt brød frå Svinvik Gard og Steinovnbakeriet Slettnesset. SUSU-prosjektet står som arrangør, og arrangementet startar kl 13 og varer utover ettermiddagen til kl 16.
Fredag var første dag for det tradisjonelle messearrangementet i Batnfjord. Trygve Slagsvold Vedum hadde æra av å opne arrangementet som er venta å samle over 20.000 besøkande i løpet av dei 3 dagane det står på. I år er det faktisk fleire utstillarar enn i fjor, det er nok ei stadfesting av at det er mykje publikum og at dei som er der handlar. Talgø MøreTre har stand saman med Byggmakker Bytås og promoterer både MøreRoyal, landbruksbygg, hus og hytter
Les heile sakaI.L. Ulvungen og Todalen I.L. minner om Trollheimsmarsjen som arrangerast komande søndag og at marsjen denne gongen går frå Ålvundeid til Todalen. Deler av merkinga er alt på plass, og søndag morgon er det klart for start mellom kl 9.00 og 11.00. Det er sett opp ein bussavgang frå Todalen til Ålvundeid, med start frå Bordholmen kl 8.30 og påmelding skje ved starten på Leikvoll.
Les heile sakaI dag var en glad gjeng stavgangere på stavgangtur til Nordviksetra. Vi ble møtt med en fin gjeng med firbentente venner som var glad på besøk. Gamle minner fra seterlivet ble krydret med fortelling av Sverre Kjølstad. Etter en lang stopp på setra gikk ferden videre opp mot dammen.
Les heile saka