Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Borar i staden for å grave

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. mars 2019

Det er nok mange som lurar på kva den store aktiviteten i Kvennsetøran bustadfelt, der både gravemaskiner og boreriggar er i aksjon. Løysinga på det spørsmålet er at det i dag blir lagt ny rør for å frakte vekk gråvatn som er filtrert vekk frå kloakkanlegget i bustadfeltet.  I staden for infiltrering i jorda blir det no lagt rør ned mot sjøkanten og vidare utover til marbakkan. 

I staden for å grave seg gjennom hagar, over vegen og over våtmarksområdet på vegen ned til sjøkanten blir det no benytta ein metode med retningsstyrt boring.  Deretter blir det trekt rør gjennom holet og opp til septiktanken som ligg i bustadfeltet. her går det kablar i kryss og tvers som var påvist og merka, men likevel vart fleire fiberkablar for breibandet gravd over. Fiberkablane var lagt for eit par år sia, men hadde ikkje vorte påvist. Dermed var det litt ekstraarbeid og skjøting av kabelrør og trekking av nye fiberkablar. 

Boreriggen er plassert i Kvennsetøran bustadfelt. Boring av eit imponerande presisjonsarbeid, for boret kom opp at 160 meter unna, rundt ein halvmeter frå målet!. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Kloakkrøra som no er lagt går frå budstadfeltet og ned til sjøkanten om er ei strekning på 160 meter. Derfra skal den bores under verneområdet og ut på djupt vatn – ei strekning på ca 200 meter. Det er sandefjordfirmaet Entreprenørservice som bistår med boring og trekking av rør.  Dette er ein effektiv måte å legge rør på og boret traff med ein halvmeters marging på den første strekninga på 160 meter. 

Bildeglimt frå arbeidet med rørlegginga  – alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 26. mars 2019, 14:45