Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

19. juni køyrer Gunvor siste ruta si til Todalen

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. mars 2019

Onsdag 19. juni køyrer Gunvor Fuglevåg siste postruta si til Todalen.  Når ho har kjørt runden denne dagen, så parkerer ho postbilen og blir pensjonist.  Todalsvegen kjenner ho godt, for ho har heldt det gåande sia 1992, da ho tok over ruta og det vart full fres frå 1993.  Sia har det berre vore nokre avbrekk på dei 27 åra, så ho kjenner nok «kvar stabbstein» på vegen inn til Todalen og oppover til Kårvatn. 

Gunnvor kjem frå Fuglevågen i Imarsundet, og første skrittet ut i den store verda gikk 1. august 1973 og starten i Postverket som det heitte den gongen. Da gikk turen til Postskulen i Molde – og seinare sluttkurs og eksamen i Bergen.  Etterpå bar det både til Ålesund og Kristiansund og seinare til Oslo der det etter kvart vart familisering og flytting heimover igjen for jobb i Posten i Surnadal.

Her sorteres posten ut i postkassane – 19. juni kjører Gunvor Todalsruta for siste gong! Foto: Jon Olav Ørsal

Så vart det altså postruta til Todalen dei neste 27 åra for Gunvor. Gunvor seier at ho har trivdes veldig godt på ruta til Todalen – trivelege og hjelpsame folk som har gjeve mange trivelege stunder.  Det er mesta vemodig å vite at det er berre knappe 3 månader til denne epoken er over.  Samtidig tykkjer Gunvor det skal bli godt å bli pensjonist, – etter 46 år i Posten blir det godt å få bruke meir tid til ting eg har lyst til.   Men ho er også glad for at ho var med på «godtida» i Posten, den gongen det skjedde mykje i Posten og det var mange framtidsplanar.

Publisert: 26. mars 2019, 10:40