Møtet om trim, trening og helse for vaksne og eldre som skulle vere i Todalen sanitetshus tysdag 14. august, er UTSETT på grunn av sjukdom. Møtet blir no neste torsdag, altså 23. august kl. 18.30, i Todalen sanitetshus.
Les heile saka![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2018/08/Ingrid-på-tur-624x559.jpg)
Møtet om trim, trening og helse for vaksne og eldre som skulle vere i Todalen sanitetshus tysdag 14. august, er UTSETT på grunn av sjukdom. Møtet blir no neste torsdag, altså 23. august kl. 18.30, i Todalen sanitetshus.
Les heile sakaLagseriestemna kjem i gang igjen i kveld, melder Gunnar Nordvik i Ski- og friidrettsgruppa i Todalen I.L. Det er start på Bordholmen frå kl 18.00 og utover.
Les heile sakaDen siste veka vart det fart i laksefisket. I veke 32 er det meldt inn 27 laksar som er tekne i Toåa, så laksefisket har hatt ein skikkeleg oppsving etter at det vart skikkeleg vassføring og fiskarelv. Natt til laurdag hadde vassføringa ein topp på heile 82,5 m3/sek ved Storfossen – i skrivande stund på måndag føremiddag er vassføringa ved målestasjonen på 7-8 m3/sek og det er fin fiskarelv.
Les heile sakaI det nye bustad og hyttefeltet på Øygarden på Nordvik har det verkeleg foregått i sommar. Vatn Maskinstasjon har jobba med infrastrukturen i heile feltet og det har vorte både vegar , vatn og kloakk. Dei har også funne mykje rart, eller rettare sagt gammelt, som har gjort at arkeologane har funne bustadfeltet interessant. – Om det er gamle nordvikgardingar dei har funne det veit ikkje vi, men torsdag 16. august kl 19.00 vil dei iallfall stille opp og informere om sine funn. Nye funn har gjort at dei er komne i tidsnød og derfor startar infokvelden med omvisning i feltet og da gjeld det å kle seg etter forholda! Det er derfor lurt å ta med regnklær eller paraply.
Les heile sakaUnder Orkla Sparebanklekene som har vore arrangert på Børsa i helga, var Erik Kårvatn raskast på 800 meter, med tida 2.10.46. Det var små marginer og på andreplass kom Henrik Kvennås frå Byåsen på 2.10.77, berre 31 hundredeler etter. Dette vart ny personlig rekord for Erik, med ei forbetring på 4 tideler.
Les heile sakaDet er vel alle, utan unntak, som har ønska seg regn den siste tida. Og regn det kom det da etter kvart og i rikt monn natt til i dag. Ein kontroll av vassmålaren ovafor Storfossen bekrefta at det har vore skikkeleg nedbør i natt. Vassføringa som i sommar har lege på 1-5 m3/sek var plutseleg på 82,5 m3/sek ei lita stund mellom 3 og 4 i natt. Det er like oppunder verdiane for 5-årsflom, som NVE har sett til 85,6 m3/sek for Storfossen.
Les heile sakaVandrefestivalen har vore aktiv med mange arrangement gjennom sommeren, både i Tingvoll, Surnadal, Rindal og Halsa. Nå er det tid for hovedhelga i Vandrefestivalen. Den arrangeres 17.-19. august og er i år lagt til Tingvoll, og har et rikholdig program – noe for enhver smak.
Les heile sakaOnsdag den 15. august inviterer Surnadal Bondelag til møte om grovfôrsituasjonen i regionen. Møtestart er kl 19.30 og finn stad i kommunestyresalen på Herradshuset skriv leiar Jan Henrik Moen i Surnadal Bondelag.
Les heile sakaNo er det tid for ny Kløvertursesong. Første turen i haustsesongen blir måndag 13. august. Som vanleg er det oppmøte Halsbua kl. 11.00, og turmålet er Svinvikrunden. Vi kjører i lag frå Hals og utover til Svinvika. Vi går heile eller delar av Svinvikrunden – litt etter ver og form. Er det fint ver, er det […]
Les heile sakaFredag kveld kl 19 blir det spansk tapasaften på Pakkhuset kro. Som tidlegare år er det spanske kokkar fra Holmatrøa som står for bevertninga.
Les heile sakaHar du epost levert frå Svorka, kanskje med fornavn.etternavn@svorka.net? Ja, da må du innan 1.1.19 ordne deg med ny epost frå ein annan leverandør. Dette fordi Svorka ikkje lenger ønsker å levere denne tjenesta til eksisterande brukarar.
Les heile saka