Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No blir det på stell på Todalshytta…

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. april 2019

Vi stakk innom Todalshytta for å sjå kor langt dugnadsarbeidet er kome, og vart litt overraska over at det no faktisk er berre litt finpuss som står att – og sjølvsagt litt opprydding.  Så kan hytta tas i bruk, sjølv om hytta ikkje skal være døgnopen og betjent turisthytte i sommar. Fotturistane får bruke Ishuset og Jomfruburet som sjølvbetente overnattingsplassar, og Todalshytta vil bli leid ut til arrangement som for eksempel konfirmasjonar, bursdagar og bryllupsarrangement. 

Ny sikringsskåp og nye installasjonar er på plass over heile hytta, fortel Svein Uran. Foto: Jon Olav Ørsal

Den siste tida er det gjort mykje dugnadsarbeid med restaurering av Todalshytta. I tillegg til reparasjonar på sjølve tømmerbygninga er det pussa opp bad og lakkert alle gulv. I tillegg har heile huset fått nye elinstallasjonar og det er montert nye lysarmaturar og gjort mykje målingsarbeid og anna snekkerarbeid. Det er og gjort mykje ryddearbeid og skogrydding utvendig, slik at ein no har flott utsikt både frå bygda og til Todalshytta – og god utsikt frå Todalshytta og utover bygda.

Må vaske før ein heng opp nye gardiner, seier Marie Dybvik som sørga for at det vart litt grønsåpelukt på hytta. Foto: Jon Olav Ørsal

Det utvendige dugnadsarbeidet er på langt nær ferdig enno, fortel big boss i turistforeninga, Eirik Gudmundsen. Det skal jobbes med blomsterbeda og med utvendig beising og utover sommaren blir det nok plenslått og  stell av hagen.  Her blir det nok Inge Skogheim og Hege Røe som blir ansvarleg, men med god hjelp av dugnadsmannskap frå KNT.

Sjølv om Todalshytta ikkje bli betjent i sommar så ser vi for oss ei slik løysing på sikt, seier Gudmundsen som er styreleiar i KNT.  Vi satsar på at vi skal få tak i leieakarar som kan drive hytta for eiga rekning, og når den rette er funne så kan vi svitsje over på dagen, seier Gudmundsen. Han antyder at sjølvbetjent leirskaule ala Nersetra i Foldfjorden kan være eit godt alternativ for Todalshytta, der det kan drives forskjellige aktivitetar. Men i første omgang blir det altså sjølvbetjent i Ishuset og Jomfruburet. 

Petter Brevik studerer eit gamalt bilete frå Todalen, og konkluderer med at det har grodd att mykje. Foto: Jon Olav Ørsal

Inge Skogheim dreiv vedhogst og rydda samtidig litt skog sli at ein kan sjå Todalshytta frå vegen. Foto: Jon Olav Ørsal

No skal det bli fri sikt til Todalshytta frå vegen gjennom Hallagrenda, fortel Inge Skogheim. Foto: Jon Olav Ørsal

Magne Haugen monterer køysenger i Jomfruburet. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 6. april 2019, 13:47