Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Solid rekordnotering for Talgø MøreTre i mars.

Jon Olav Ørsal Fredag 5. april 2019

Våren er den travlaste tida på lasteplassen for Talgø MøreTre. All produksjon passerer lasteplassen og blir handtert minst 2 gonger – både når varene blir plassert på lager og når dei skal skipast ut. I mars var det ekstra travelt for dei 6 på lasteplassen, for da vart oppnådde dei beste marsmånad i Talgø MøreTres historie med omsetning på 60,2 mill.

Talgø MøreTre har førebudd seg på ein travel vår – rundt 10.000 m3 ferdigvarer ligg på lager, fortel avd.leiar Lars Lillegård Foto. Jon Olav Ørsal

I dag er dei 6 men snart blir dei 7 som styrer køyrekontoret og lasteplassen. – Ei dame og 5 mannfolk som handterer den store vareflyten. Marsomsetninga på 60,2 mill. er ei auke på 40% i forhold til tidlegare marsrekord. Avdelingsleiar Lars Lillegård er stolt av gjengen på lasteplassen og skryter av det gode samhaldet. Han forklarer auken med at både forhandlarane og Talgø MøreTre har vorte flinkare til å planlegge innkjøp- og lagerstyring og dermed førebur sesongen med førehandsordrar. Dette i kombinasjon med auke i produksjonskapasiteten har gjeve gode resultat, seier Lillegård.

Heile området ved Syltøran – det begynner etter kvart å bli mange arbeidsplassar og stor aktivitet i området. legg merke til den nye lagerhallen som ruver god i terrenget med sine knappe 4000 m2. Foto: Jon Olav Ørsal

På lasteplassen førebur dei seg no på skikkeleg trøkk framover våren – neste veke skal det leverast ut 1800 m3 og sjølv om det i dag ligg rundt 10.000 m3 med royalbehandla materialar på lager så blir det press på både produksjon og utlasting utover våren. Og som sagt blir dei ein person ekstra frå påske. Da vil dei starte med skiftarbeid for å auke kapasiteten på ute lasteplassen.

Tove T. Brøndbo er einaste høne i lag med 5-6 mannfolk på avdelinga, men ho skryter av sine kolleger. Foto: Jon Olav Ørsal

Lars Lillegård har lova belønning for rekordmånaden og vidare så lenge det blir sett rekordar. – Når dei sluttar til påske lovar han at det skal bli ei nøktern feiring for å markere rekorden, før dei går heim. Lillegård fortel også at dei på ettervinteren har sett opp ein stor plasthall på lagerområdet. Her skal det no inn reolar for å hyse plukklageret av royalmaterialar for å rasjonalisere og effektivisere plukkinga av mindre leveransar. Dette vil spare mykje tid på lasteplassen.

No jobbes det med å innreie den nye lagerhallen som mellom anna skal innehalde plukklager for alle royaldimensjonar. Avd.leiar Lars Lillegård og Joar Østbø. Foto: Jon Olav Ørsal

Fakta for Talgø MøreTre

På årsbasis nærmar omsetninga på Talgø MøreTre seg ein halv milliard. Omsetninga i 2018 var på kr. 430 mill. , inkludert rundt kr 80 mill. ved elementfabrikken i Todalen. Totalt er det i dag rundt 120 tilsette i Talgø MøreTre. Av disse er det rundt 40 som har sin arbeidsplass i Todalen – 20 på elementfabrikken og 20 i administrasjonen.

Publisert: 5. april 2019, 09:13