Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt styre med ny giv!

Elinor Bolme Fredag 5. april 2019

I går kveld hadde Todalen Grendalag sitt aller første årsmøte. Foreninga vart eit utspring av det gamle PT-utvalget som tidlegare har vore eit «tvangs-organ» vald utan at dei valgbare har vore spurt, i forbindelse med  kommunevalga. Og med oppstart på juni i fjor sp var det ikke all verden dei hadde å vise til i årsmedinga si. Men to grendamøter, eit høringsutkast til skuledebatten og kartlegging av ale ledige bustader i bygda var likevel noko av det dei hadde fått igjennom på kort tid.

Økonomien er ikkje bunnsolid. Enno i alle fall. Det gamle PT-uvalget hadde snaue 0,36 kroner på bok, så oppstartsmidlane frå Surnadal kommune på 30 000 kom godt med seinhausten -18. Og som annonsert forrige veke fekk også grendalaget nyte godt av Surnadal sparebank sine midlar i form av ei overføring på 20 000 kroner.

Det nye styret vart einstemmig vald slik:

  • Leiar: Bjørn Gunnar Ansnes
  • Sekretær: Maria Hagerupsen Halle
  • Kasserar: Jostein Bruset
  • Styremedlemmer: Karin Halle og Øystein Moe
  • Varamedlemmer: Jo Gjeldnes og Ola Haugen Ansnes

Etter at årsmøtet var heva vart det kafe og blautkake. Lars, Ragnar og Ståle dristar seg frampå.

Sidan årsmøtesakene var unnagjort på få minutt inviterte det nye styret dei frammøtte til å komme med forslag til aktuelle tema og arbeidsoppgåver for grendalagets vidare innsats for Todalen.

Og mange innspel om vidare engasjement for den nyoppstarta foreninga kom fram:

  • Bustader og tomter-> Har Todalen eigentleg noko å by på?
  • Legge til grunn ein sunn økonomi framover-> både kommunale- og fylkeskommunale midlar kan være aktuelle å få tak i med gode prosjekt og gode søknadar. 
  • Trivselstiltak i bygda-> årlege arrangement av ulik karakter, usetjing av bord og benkar rundt heile bygda, 
  • Ungdomsaktivitet -> engasjer og inspirer ungdommen til å engasjere seg i og for lokalsamfunnet sitt
Først publisert: 5. april 2019, 04:00 - Sist oppdatert: 4. april 2019, 22:23