Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kjenner du desse??

Elinor Bolme Laurdag 6. april 2019
Geir Jonny Husby Jenstad i Sunndalen lurer på om det er nokon av todalen.no sine lesarar som kan ha informasjon om dette bildet. Han skriv i ein epost at han ikkje veit hverken når eller kor det er teke, men at det er komme forslag på at dette kan væra Torbudalen kokkelag.
 
Bilete har tidlegare vore publisert  i Driva, og no sist i boka  «100 år i Sunndalen» utan at det har kommet inn nye opplysningar. Geir Jonny fortel at hans bestefar Gunnar A Husby frå Todalen er med på bildet. Han er midt i bakerste rekkje, med rein på kofta. Det er også muleg at han lengst til venstre heiter Johan Sundstrøm.
 
Har du info om bildet kan du senda ein epost til red@todalen.no, så kan vi laga ei oppfølgingssak på det.
 
Publisert: 6. april 2019, 11:25