Måndag 8. oktober blir det Kløvertur utover Haltbakkvegen. Her er det fin grusveg og ikkje bratt.
Les heile saka![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2018/10/IMG_8657-624x468.jpg)
Måndag 8. oktober blir det Kløvertur utover Haltbakkvegen. Her er det fin grusveg og ikkje bratt.
Les heile sakaDenne helga er det tradisjonell messe for salg av sportsutstyr i Grieghallen i Bergen. Det er Kårvatn Handelskompani som har delteke på salsmessa til Platoubutikkane som dei er leverandør eller rettare sagt grossist. Til saman har det vore rundt 12.000 besøkande innom Grieghallen på fredag og laurdag, og Gudmund Kårvatn og Sondre Ormset som har representert firmaet der kan rapportere om bra besøk på standen og godt sal av ski.
Les heile sakaDet artige bilete av presten i epletreet vart favoritten til folket, og september sitt vinnar bilete
Les heile sakaOnsdag kveld var prosjektgruppa i Toåa Tursti på ny befaring. Denne gongen saman med fleire berørte grunneigarar, entreprenør Per Gjeldnes og prosjektgruppa. Prosjektet er no inne i fasen med å få ein godkjent tippemiddelsøknad, kor Todalen IL er søkar. Då må alle tenkte kostnadar være dokumentert og godt planlagt, og denne kvelden var det deler av arbeidet med tilrettelegging av den planlagte turvegen frå Bønnavollen og ned til Båthølen, samt plassering av gapahuken som var på agendaen.
Les heile sakaSurnadal kino vil gjera sitt til å gi eit best muleg tilbod i haustferien og vil, stort sett, vise tre filmar kvar dag til og med søndag 14. oktober.
Les heile sakaDen opprinnelige planen for dagens stavgangtur var Folldalen og Gråhaugen, men værmeldingen ga tidlig varsel om mer vinterlig klima i fjellet. Derfor ble det nye planer og opplegg for en tur i nærområdet på Skei og oppmøte ved Kulturhuset.
Les heile sakaBiblioteket skal moderniserast, og treng hjelp til å lime inn nye kort med strekkoder i alle bøkene. Fint arbeid for oss pensjonistar no i haustvêret. Enkelt, innahyses arbeid, og vi får kaffe, skriv Kristian Ranes i pensjonistlaget, som vil ha påmelding på telefon 995 30 263 snarast!
I kveld var det premiere for storprosjektet til Surnadal ungdomsskule «Slik går nå daggan». Ei kjempeflott forestilling som berre imponerer stort. Det blir ei forestilling til som går av stabelen onsdag 3. oktober kl 19, og her er det i skrivende stund rundt 40 ledige billettar.
Les heile sakaDenne veka blir det strikkekaffe på fredag, altså 5. oktober! Alle er velkomne til strikkekaffe i Todalen sanitetshus. Det er ope hus frå kl.13.00 til 16.00.
Les heile sakaI dag startar Nils Erik Ulset i ny jobb på Kårvatn – eg kunne ikkje la denne sjansen gå frå meg, seier han til Todalen.no. Han går no inn i administrasjonen i Kårvatn Fjellutstyr og Kårvatn Handelskompani, men blir nok mest å sjå i skisporet i første omgang. Satsinga på ny sesong starta alt i mai, og no gler eg meg på at det blir skiføre, seier Nils Erik.
Les heile sakaEin fuktig september er over, og her er kåringa for månadens bilete. Stem på den du fortjener ei oppmerksomhet
Les heile sakaTodalen bodybyggjarlag har så smått byrja å røre på seg etter ein aktiv sykkelsommar. Dei har no trekt innomhus, og Hett & Svett var i kveld godt oppfylt av ivrige karar som slo eit slag for trening og trivsel. For det skal seiast, dei er veldig trivselsfokuserte. Treninga blir nesten som ein bonus å regne.
Les heile saka