Straks før du kjem til Svinviktunellen på Todalssia, har det i «nattens mulm og mørke» ramla ut ein stein som ligg like ved vegkanten. Den ligg rett nok utafor vegbanen, men kan likevel være skummel.
Les heile saka![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2019/07/Stein-i-vegbanen1_palmer-624x468.jpg)
Straks før du kjem til Svinviktunellen på Todalssia, har det i «nattens mulm og mørke» ramla ut ein stein som ligg like ved vegkanten. Den ligg rett nok utafor vegbanen, men kan likevel være skummel.
Les heile sakaEiny Rendal Elgsæther og Svein Volle feira bryllaup i vinter. Laurdag inviterte dei til heidundrande musikalsk etter-lag som open gratiskonsert i Stangvik-kyrkja. Svein og hans sunnmørske slektningar stod for det meste av programmet. Og for ein musikkfamilie! Orgel, klarinett, fløyter, horn, solosong, familiekor – og endatil ein 7-årig fiolinist gledde og imponerte den store forsamlinga. Frå vennekretsen deltok pianist (og komponist) Svein Gjære, munnspelaren Ola Bræin og pianist Hedda Hansen Berg.
Les heile sakaI Innerdalen har det i natt og i dag vore sett i gang leiteaksjon etter ein mann i slutten av 60-åra. Mannen dro ut på tur onsdag, og har overnatta på Bårdsgården i Storlidalen natt til torsdag. I kveld vart mannen funnen i god behald av turgåarar, skriv adressa.no
Les heile sakaMerete Husby som har dreve med frisørsalong heime i bustadfeltet på Kvennset, har gitt oss beskjed om at desverre har ho ikkje tid og kapasitet til dette lengre.
Les heile sakaLaurdag 27. juli blir det sommarkonsert i Stangvik kyrkje. – Det er Einy Rendal Elgsæther og Svein Volle som inviterer til konsert med slekt og vener som aktørar for eit variert program med m.a. Mozarts klarinettkonsert i a-moll ved Roar Alnes Aarum på klarinett og Margaret Standal Volle Haugland på orgel.
Les heile sakaSvinviks arboret minner om at det går mot sesongslutt denne helga. Komande søndag (28/7), er siste ordinære opningsdag denne sesongen, og opningstida både fredag, laurdag og søndag er frå kl.11 til kl.16. Ta gjerne ein tur innom i godvêret, oppfordrar Maja Frønes, som også minner om at neste sjanse til å besøke arboretet blir under Norsk Vandrefestival, 16- 17.august.
Natt til onsdag var det ikkje langt unna at vi hadde tropenatt i Todalen, men sjølv om denne sjansen glapp i natt så blir det fleire. For varmen vil vedvare til over helga, og først tysdag og onsdag i neste veke vil vindretninga dreie på nordvest og gi litt nedbør og kaldere vêr. I dag har vi sett trettitalet på gradstokken og det vil vi nok få sjå dei neste dagane og.
Les heile sakaUtbygging av leilighetskompleks har vore aukande dei siste åra i Surnadal. Fleire godt vaksne går frå einebustader til leiligheter sentralt med alt på eitt plan. Og einebustadane i sentrale strøk blir selde for ca 2 millionar, minst. Men her er det ei kjøpegruppe som ikkje har ein sjanse, og det er dei nyutdanna som vi har fått heimatt til bygda, fortel Annett Ranes og Egil Nedal i Surnadal arbeiderparti.
Les heile sakaDet er oppfordringa frå Stig Husby som er jubileumsansvarleg når Todalen.no skal markere sine første 10 år på lufta 10. august. Som tidlegare nevnt blir det både matservering frå Sylte gardsslakteri, motivasjonsforedrag av Kortnebbgåsa Ve og Vel og minikonsert med Tone Søyset Døvig til slutt.
Les heile sakaOperasongarane Erik Rosenius og Sigrid Vetleseter Bøe og pianisten Hedda Hansen Berg er hovudaktørar når Åsskard kyrkje inviterer til konsert søndag kveld. Gregorianske tonar og Bach-musikk rammar inn programmet. Ei gruppe frå arrangørkoret Prosjekt 17 markerer olsok med song frå Sankt Olav si tid.
Les heile sakaMed gode vêrmeldingar for resten av veka nyttar Todalen Mjølk høvet til å starte 2.-slåtten for fullt. Med godt over 2000 dekar med gras på rot, er det tross alt nokre dagars arbeid å få gjort om alt graset til siloballar. Vi tok ein liten prat med Odd Harald Talgø som i kveldinga var i gang med slåtten i Husbytrøinn, der rundt 70 mål skulle slåast.
Les heile sakaDenne uken – fra 21.juli t.o.m. 28.juli inviterer kunstneren Siri Skjerve til Mottaket der hun har etablert seg med deler av kunstverkstedet sitt denne uken. Mottaket er et rom for tverrfaglig samarbeid og visning av kunst i Ålesund, og er åpent alle dager fra 11 til 17. I en pressemelding skriver Siri om prosjektet og prosjektet This Is For Your Own Protection som pågår akkurat nå:
Les heile saka