Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Koronavirus: Surnadal kommune har heva beredskapsnivået og sett krisestab

Elinor Bolme Torsdag 12. mars 2020
I samråd med nasjonale helsemyndigheiter, fylkesmann/fylkeslege har Surnadal kommune heva beredskapsnivået og sett krisestab. Dette betyr at situasjonen kring smittespreiing av koronaviruset blir overvåka frå dag til dag og at tiltak for å hindre smittespreiing raskt kan bli meir inngripande. Surnadal kommune følgjer Folkehelseinstituttet sine retningsliner og rår tilsette og innbyggjarane om å følgje med på kommunen sine nettsider og følgje desse råda. Surnadal kommune har i tillegg gjort særskilte tiltak for å sikre kontinuitet i høve til beredsskap og overfor tilsette.

Reglar for tilsette i Surnadal kommune for å begrense smitterisikoen for koronavirus

  • Møteverksemnd i regi av kommunen med meir enn 15 deltakarar blir avlyst.
  • Alle møte som kan bli gjennomført på Skype/ video skal bli gjennomført slik.
  • Skular og barnehagar skal driftast som normalt.
  • Tilsette skal ikkje reise på kurs og seminar.
  • Tilsette blir oppfordra til å vurdere si deltaking på kultur- og idrettsarrangement.
  • Tilsette bør ikkje reise til utlandet.

Reglane gjeld frå torsdag 12. mars og har ikkje tilbakeverkande kraft. Reglane gjeld for alle tilsette, alle tilsette i kommunale føretak og i samarbeid med Surnadal som vertskommune.

Reglane gjeld ikkje for elevane i grunnskulen.

Årsaka til at Surnadal kommune går ut over Folkehelseinstituttet sine anbefalingar (FHI), er for å begrense smitte til kritisk personell.

Per 12. mars er det ingen i Surnadal med påvist koronasmitte.

Vi har fått ei del spørsmål om ulike tema. Vi vil difor orientere om at Surnadal kommune har vurdert, men enno ikkje innført:

  • Avlysing av politiske møte.
  • Stenging av kantiner.

Arrangement:

  • Avlysing av alle arrangement ut over anbefalingane frå Folkehelseinstituttet. Det blir gjennomført ei risikovurdering for kvart einskild arrangement. Vi ber inntil vidare alle arrangørar om å følge Surnadal kommune si rettleiing for risikovurdering og vere oppmerksame på mulegheita for effektiv smittesporing i etterkant av arrangement.Last ned rettleiing med verkty for ROS-analyse og meld arrangement til kommunen for vurdering.

Følgjande gjeld fortsatt:

Råd til tilsette i helse- og omsorgstenesta om heimekarantene

  • Alle tilsette i helse- og omsorgstenesta skal inntil vidare vere heime frå jobb i 14 dagar etter heimkomst frå område med vedvarande smittespreiing.
  • Rådet gjelder uavhengig av om ein er sjuk eller ikkje.
  • Målet med rådet er å beskytte eldre menneske og kronisk sjuke mot smitte. Desse gruppene er ekstra utsett for å kunne få eit meir alvorleg sjukdomsforløp.

 

For alle gjeld:

Spreiing av smittsamme sjukdommar førebyggast best ved å ha gode generelle hygienerutinar. Vi ber alle om å vere ekstra påpasseleg hand- og hostehygiene i tida framover for å minimere smittespreiing.

Følg Folkehelseinstituttet sine anbefalingar!

På vegne av kommuneleiinga

Gunhild Eidsli                                                                                   Gunn Bredesen

Assisterande kommunedirektør                                                       Einingsleiar Helse og familie

Publisert: 12. mars 2020, 09:32