Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

600 leveransar med elitemjølk

Elinor Bolme Onsdag 11. mars 2020

I dag arrangerte TINE årssamling i Surnadal og Halsa produsentlag på Thon Hotel Surnadal. Under arrangementet vart det delt ut ulike utmerkingar til mjølkebøndene i laget som hadde levert mjøl av høg kvalitet igjennom fleire år. Denne gongen vart det utmerking til Håvard Halset. Han fekk 5-års plaketten for sine 120 årlege mjølkeleveransar sidan han tok over garden heime på Halset 1.1.2015.

Etter at Håvard tok over garden etter far Anders er denne utmerkinga eit av delmåla han har sett seg som bonde. Og hovedmålet? Jau, det er sølvtina etter 15 år. Da må han klare å levere elitemjølk i heile 15 år, utan eit einaste avvik over dei kriteria som er sett av TINE, der det viktigaste kriteriet naturleg vis er bakterieinnhaldet.

Det synlege beviset på god mjølk og godt fjøsstell gjennom 5 år. To produsentar til i Surnadal og Halsa produsentlag fekk også utmerking: Ola Holten fra Bæverdalen fekk sølvtina for 15 år med kvalitetsmjølk, og Berit Synnøv og Jo Fugelsøy fra Øvre Surnadal fekk 10 års plaketten.

 

Reglane for premiering av særdeles god mjølk og godt fjøsstell for leverandører i TINE SA.

Per i dag er Håvard er den einaste mjølkebonden i Todalen som i tillegg til gardsdrifta er i full jobb utanom. Han er ansatt i Surnadal vaksenopplæring og integrering, og trives godt med «dobbeltlivet».  -Det blir ein livsstil, fortel Håvard, og så lenge helsa let det gjennomføre, så skal eg nok halde ut til 2030 og sølvtina. -Eg har investert i ein del utstyr som både lettar og er tidsbesparende, i tillegg som eg har fleire gode hjelparar som har vore med i drifta etter eg tok over. -Både den eldre generasjonen med far, og ein del ungdom i bygda som har fått prøvd seg og kanskje fått litt verdifull arbeidserfaring, smiler han.

I oppstarten hadde han ein grunnkvote på 100 000 tonn mjølk i året. Denne har han etter kvart utvida med ulike leieavtaler, slik at han no er oppe i ein kvote på 170 000 tonn. -Eg har også investert litt undervegs i bygningsmassen, slik at besetninga no bortimot er dobla med totalt 70 dyr, herav 22 mjølkekyr sidan 2015.

Vi gratulerer alle dei tre mjølkeprodusentane med godt utført jobb så langt til glede og nytte for oss andre!

 

 

Publisert: 11. mars 2020, 22:13