Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Endeleg åpning av Frivilligsentral og Ungdomsklubb

Elinor Bolme Tysdag 10. mars 2020

I dag kunne Surnadal kommune endeleg invitere til storstilt åpning av Surnadal Frivilligsentral. Einingsleiar i kulturavdelinga Lilli Husby ønska eit fullsatt lokale velkommen til ein gledens dag, etter fleire månader som har blitt til år før åpninga endeleg vart ein realitet. 

I 2016 måtte den tids ungdomsklubb ta ein pause etter at dei gamle lokala skulle rivas. Pausen vart dessverre lengre enn forespeila, både på grunn av økonomi, lokasjon og til slutt byråkrati. -Eg ønsker derfor å rette ein stor takk til politikarane våre som har sett behov og ønsker dette tilbudet, avslutta ho.

Ekstra stolar måtte fram for å få plass til alle som kom til åpninga

Ordførar Margrete Svinvik fekk så æra av å klippe snora. -Eg gler meg til dette; å få samla både frivilligheta og ungdomsklubben i lag. Dette blir eit positivt treffpunkt midt i sentrum.

Fra venstre Lilli Husby, Helge Røv (leiar i interimsstyret), Hilde Staveli Solli, Una Gravvold (leiar ungdomsråd) og Margrete Svinvik.

Til slutt fekk dagleg leiar Hilde Staveli Solli også ordet og kunne rette ein stor takk til alle som i ulik grad hadde bidrege til at åpninga endeleg vart ein realitet. Ho ønska blant anna å rette ein stor takk til huseigar Erik Fiske som hadde gjeve dei frie tøyler i utforminga av lokalet som verkeleg hadde vorte lyst og fint med både innholdsrik utstyrssentral og eit tipp topp kjøkken.

Kulturskulen sto deretter for underhaldninga, med to unge og flinke representantar som både spela og song.

Hedda Moen Gjerstad trakterte el-orgelet og Selmas song.

Medan Olav Gjerstad Lindvåg framførte ein vals saman med lærar Rune Dalager.

Etter kvart vart det servering, kor Surnadal sanitetsforening stilte på kjøkkenet for å traktere alle dei frammøtte med kaffer og kaker.

Helga Krangnes og Aashild Settemsdal i sanitetsforeninga såg også fram til å få eit «fleirbrukshus» kor ny aktivitet kan skapas. -Dette blir bra meinte dei to, no må vi i frivilligheta i kommunen bruke dette fine lokalet.

Inga åpning utan kake!

Til kvelds skulle ungdommane møtast for si offisielle åpning. Da skulle det bli pizzakalas og åpning av ungdomsklubben, som har eige rom i den nye sentralen. Dette rommet er naturlegvis dekorert av ungdommane sjølve.

 Fra venstre Una Gravvold, John Einmo, Olav Gjerstad Lindvåg, Hedda Edvardsen og Emily Stangvik. Dei ser fram til eigne ungdomsklubbkveldar utover.

Først publisert: 10. mars 2020, 23:28 - Sist oppdatert: 11. mars 2020, 14:02