I samband med innsamlingsaksjonen som i år går til CARE minner vi om den Internasjonale bygdekvelden i Storstua på kulturhuset tysdag 15. oktober kl. 18. Arrangementet er gratis og bys på mykje god underhaldning – mellom anna koret WOX og kulturskulen som byr på mykje song, musikk og dans. Lotteri med mange flotte gevinstar frå lokal bedrifter og privatpersonar.
Les heile saka
Vi kjenner til at det er planlagt ny parkeringsplass ovafor kyrkja. Den er tenkt som eit supplement til dagens parkeringsplassar framfor kyrkja og mot Husbygeilen. I dag starta gravinga for å undersøke om det er skjulte oldtidsfunn i området for den nye parkeringsplassen.
Les heile saka
Måndag 14. oktober kl. 19:00 inviterer Todalen historielag til temakveld kveld i Todalen ungdomshus. Denne kvelden er det namn langs Toåa som er hovudaktiviteten, men det blir vist mykje bilder på storskjerm og i fotoalbumar, så det kan eigentleg bli litt tå kvart denne kvelden, seier leiar i historielaget John Moe. Vi er rett og slett ute etter å skaffe oss info om ting som vi ikkje veit nok om.
Les heile saka
Heilt sidan 2010 har Todalen sanitetsforening sendt julegåver til Estland. Dette er eit samarbeid med Estlandsforeninga i Midt-Noreg, og dei dreg til Estland med julegåver 22. oktober.
Les heile saka
Erik Kårvatn reiste til Oslo og Frognerparken med håp om å bli mellom dei 10 beste i sin klasse i NM i terrengløp. Erik deltek for Rindal I.L. og det er klasse G16 vi her snakkar om, og løpet var på 4 km – 2 x 2 km.
Les heile saka
Det var stor aktivitet under dagens gudsteneste i Todalen kyrkje. Kyrkja var pynta til hausttakkefest med frukt og grønsaker for å markere at innhaustinga er ferdig. Elles var det både dåpshandling, markering av 50-årsjubileum for konfirmantane frå 1969 og ikkje minst utdeling av 6-årsbok.
Les heile saka
Onsdagskvelden 30.10. kl 19.00 arrangerer Surnadal Pensjonistlag trivselskveld på hotellet. Det blir enkel middag (oksesteik m/grønsaker) og kaffe, før vi samlast på Gladlaxen for å dansa til Trond Larsens kvartett. Vi trur det blir triveleg!
Les heile saka
Laurdag kveld inviterte soknerådet til konfirmantfest og jubileumsfest for 50-årskonfirmantane frå 1969 som var spesielt invitert. På menyen stod det svinegryte med potetstappe, og etterpå vart det servert kaffe og kaker.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer måndag 14. oktober eldre og godt vaksne i bygda til lunsj i Sanitetshuset kl. 12.00. Det blir eit enkelt måltid med tid til å prate og hygge seg rundt borda.
Les heile saka
Det er nok litt tidleg med julebord enno, men det er på høg tid å starte planlegginga for å sette av datoen, seier Nils Ove bruset som er leiar i Todalen Idrettslag. – Vi skal bygge vidare på julebordsuksessen frå i fjor, da rundt 70 personar deltok i julebordsfeiringa i Ungdomshuset. I år er det laurdag 23. november som er den magiske datoen for mykje god julemat og mykje julestemning i Todalen ungdomshus.
Les heile saka
Surnadal Pensjonistlag har medlemsmøte på sjukeheimen tirsdag 22.10. kl 1500, melder leder Kristian Ranes i en e-post. – Vi får besøk av formann i fylkesstyret Melvin Steinsvoll, det blir song og musikk, servering og loddsalg. Vel møtt til eit triveleg møte!
Det ble en flott avslutning på årets tursesong for Surnadal pensjonistlags stavganggruppe. Det har vært jevn bra deltakelse gjennom sesongen, og det er tydelig at lagets medlemmer og andre som har deltatt sett stor pris på dette tilbudet. Dagens tur hadde utspring på Vang skiarena, og der er det et flott og variert løypenett rundt i området.
Les heile saka