Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fredag 20.03.2020: Statusrapport frå kriseleiinga i Surnadal kommune

Jon Olav Ørsal Fredag 20. mars 2020

Vi har fått dagens ferske statusrapport frå kommuneleiinga i Surnadal kommune. Førebels er det ingen smitte påvist i Surnadal kommune, men det tas høgde for at det kan kome og vi kan lese at kommuneoverlege Bjørn Buan vurderer smittesituasjonen fortløpande med tanke på justering av tiltak.

Smittesituasjonen nasjonalt ligg no på 0,3 pr 1000 innbyggarar. Med eit innbyggartal som vårt tilsvarar dette 2 personar med påvist smitte. Eit viktig fokus i beredskapsarbeidet er å vere føre var og lære av erfaringar frå andre kommunar som har opplevd å måtte sette i verk strengare tiltak for å få kotroll med smittesituasjonen. Eit eksempel på ein slik kommune er Frosta. Elles er vi glade for at 40 personar til no har meldt seg som tilgjengeleg helsepersonell via registreringsskjemaet på heimesidene våre. Vi håpar fleire vil registrere seg som helsepersonell i tida framover.

Ei anna positiv nyheit er at Surnadal Frivilligsentral vil sette i gang med koordinering av frivillige som no melder seg til teneste for utkøyring av mat, m.m. Dette tiltaket vil komme i gang over helga. Her er det muleg å registrere seg via nettsida Frivillig.no og velge Surnadal som sitt område.

Korona-telefonen vår er godt i gang og vi minner om at denne telefonen og er open for spørsmål i helga frå kl. 10.00-14.00: 913 79 001

Kommuneleiinga ønskjer alle ei god helg!

Publisert: 20. mars 2020, 16:20