Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal kommune: Oppdatering etter statusmøte i kriseleiinga i føremiddag

Jon Olav Ørsal Torsdag 19. mars 2020

Surnadal kommune har fortsatt ingen med påvist korona-smitte, noko vi sjølsagt er glade for.  Det er gjennomført ein del prøvar i løpet av veka, men alle prøvane har vore negative. Og situasjonen er slik sett uendra frå i går. Vi elles svært glade for responsen på den invitasjonen vi gjekk ut med på heimesida vår i går, der vi søkte etter helsepersonell.  Nærare 30 personar meldt seg sidan i går kveld, noko vi er svært takksame for, skriv kommunaldirektør Knut Haugen i ei presseorientering. 

Vi vurderer behovet fortløpande og vil ta kontakt med kvar enkelt viss situasjonen endrer seg. Regjeringa har også endra regelverket slik at ingen pensjonister som melder seg til oppdrag i helseteneste skal risikere at dei blir trekt i pensjon. Det er også sagt frå regjeringa at alle skal få fritak for barnehage og SFO, dette vil bli dekt av staten i ettertid overfor kvar enkelt kommune.      

Ingen skal betale for ei tjeneste dei ikkje får levert frå kommunen, og alle heimane skal ha fått beskjed om korleis dette blir gjort i praksis. – Minner elles om vår korona-telefon 913 79 001 og elles anna nyttig informasjon som du kan finne på kommunen si heimeside

Publisert: 19. mars 2020, 13:46