Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påkjørsel av dyr – kva gjer du da?

Jon Olav Ørsal Fredag 20. mars 2020

For 2-3 dagar sia vart ein grevling påkøyrt ved Drivhammaren.  Grevlingen fekk nok ein skikkeleg smell og døde nok raskt.  Etterpå har grevlingen ligget på «lit de parade» på vegkanten i fleire dagar – ingen har brydd seg med å ta kontakt med ansvarleg myndigheit for at dyret kunne bli fjerna.

Den døde grevlingen har ligge i vegkanten i fleire dagar. Foto. JonB

For å orientere oss litt om kva vi skal gjere i tilfelle vi kjører på dyr eller finn døde dyr langs vegkanten, tok vi kontakt med Anders Magne Ormset på Surnadal lensmannskontor.  Han fortel at ved påkjørsel av dyr så er det Politiet på telefon 02800 som er rette instans å ta kontakt med. Politiet tek vidare kontakt med rette instans (les fallviltgruppa) for å sørge for avliving. Ormset seier det og er viktig med tanke på skadeoppgjør frå forsikringsselskapet at skaden er meldt til politiet. Det går og an å ta kontakt direkte med fallviltgruppa i Surnadal på telefon 917 68 871.

Finn du døde dyr på vegkanten er det imidlertid Vegtrafikksentralen som skal varslast – på telefon 175.  Da vil dei sørge for at dyret blir henta. Her i kommunen er det Mesta som har vedlikehald av vegane og dermed ansvar for innhenting av døde dyr/fallvilt på vegkanten.

Er du uheldig og får eit ublidt møte med ein grevling eller anna dyr så må du ta affære.  Det er nemleg nedfelt i vegtrafikklova at du skal hjelpe dyr som blir påkjørt – og det er slett ikkje noko fint syn at det ligg døde dyr på vegkanten.

Publisert: 20. mars 2020, 11:14