Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dagens korona-oppdatering frå Surnadal kommune

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. mars 2020

Det er framleis ikkje påvist korona-smitte i Surnadal kommune, men vi erkjenner at situasjonen raskt kan endre seg og har sjølvsagt fått med oss at viruset no har spreidd seg til nabokommunen. Møre og Romsdal er no det fylket i landet som har færrast antal påvist smitte per 1000 innbyggar. Kommuneoverlegen understrekar at vi alle må jobbe hardt for å oppretthalde dette forspranget og hente ut den positive effekten av dei strenge tiltaka som er sett i verk. Vi veit at isolering er eit tiltak som verkar.

Kommunal korona-telefon: 91379001
Mange har naturleg nok spørsmål knytta til kva som er rett å gjere i ulike situasjonar. Vi setter stor pris på at folk tek kontakt og tek medansvar! For at du som innbyggar skal kunne få hjelp til å ta rette val, har kommunen i går oppretta ein korona-telefon som er open frå kl. 09.00-19.00 på kvardagar og frå kl. 10.00- 14.00 på helg. Her kan du få enkle svar som ikkje omhandlar eigen helse.

Kommunale korona-telefonar for barn og unge
Ein viktig del av kriseleiinga er å trygge oppvekstvilkåra og helsa til barn og unge under det dei no opplever som ein unntakstilstand. Ingen samfunnsgrupper i kommunen har til no fått kvardagen sin meir snudd på hovudet enn barn og unge med tap av samvær med vener, klassekameratar og kontakt med faste omsorgspersonar i barnehage og skule. Lange dagar heime kan bli ei belastning. Familiens hus har difor oppretta eit telefon-team som barn og unge trygt kan henvende seg til på telefon om alt det rare som skjer for tida eller om ting som kan vere vanskeleg:

  • Helsesjukepleiar Heidi: 48183652
  • Ungdomskontakt Kristin: 91159310
  • Førebyggingsrådgjevar Marit: 91769241
  • Barnevernstenesta: 71655900 eller 48092203

 Vi søker helsepersonell
Det er stor dugnadsånd hos tilsette som er villige til å steppe inn i andre funksjonar som følge av stenging av barnehagar og skular og kulturhus. Vi kartlegg no ressurspotensialet i alle einingar. Vi er på jakt etter helsepersonell som kan steppe inn og hjelpe oss i tida framover. På korona-sida til kommunen ligg det no lenke til eit nettbasert registreringsskjema kor vi oppfordrar helsepersonell og studentar til å registrere seg. Vi treng dykk!

Beredskapsarbeidet er godt i gang med tiltak for å sikre bemanning av lovpålagte tenester og for å oppretthalde kritiske samfunnsfunksjonar framover. For å sikre vatn og avløp og brannberedskap er bemanninga spiltta opp i separate team. 

Næringsliv
Kriseleiinga har i dag adressert behovet for samordna informasjon til næringslivet i kommunen. Dette blir no fulgt opp av næringsavdelinga og kommuneoverlegen.

Heimekarantene
Vi har ikkje oversikt over antal personar som er i heimekarantene som følge av å vere studentar, på grunn av innreise frå område som medfører heimekarantene eller som er i sjølvpålagt karantene. Vi fører kun kontroll med personar som er i karantene i påvente av prøvesvar. Det største ansvaret ligg hos kvar og ein av oss. – Dette er eit stort solidaritetsprosjekt for dei sårbare, seier kommuneoverlege Bjørn Buan.

Publisert: 18. mars 2020, 17:52