Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lockdown – men somme held hjula i gang!

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. mars 2020

Arne og Samuel på søppelbilen held hjula i gang, og tømmer søppel etter den ordinære tømmeplana frå ReMidt.  Dei er nok snart dei einaste som jobbar etter ordinær plan, og denne onsdagen er det papir og plast frå Todalen som står på plana deira. 

Dei er sjølvsagt pålagt ein del hygieniske krav, men elles har dei beskjed om å ha minst muleg kontakt med folk under tømming – og sjølvsag må dei unngå å kome for nær folk på kjøreruta si. Og det går godt, seier Arne, som fortel at folk er flinke til å halde avstand om dei har behov for å snakke med renovasjonsarbeidarane

Samuel frå ReMidt søger for at papir og plast hamnar på rett plass i søppelbilen. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er litt rart å være på vegane no, fortel dei to. Det er omtrent ikkje folk å sjå når vi køyrer ruta vår.  I går køyrte vi ruta frå Surnadal og til Stangvik, og trefte berre 4 bilar på heile dagen – to som var på veg til ferja og 2 bilar frå heimesjukepleia. – Tydeleg at folk tek hintet og held seg i ro, sier Arne og Samuel som fortsett på ruta rundt Todalen.  Dei er vanlegvis 3, men den eine sit i karantene heime for sikkerheits skuld, etter ein tur utanlands.

 

Publisert: 18. mars 2020, 12:17