Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Godt med mosjon, og frisk luft er sunt

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. mars 2020

Myndigheita oppfordrar folk som er friske eller i karantene til å kome seg ut for å få frisk luft og mosjon. Det må imidlertid skje på ein trygg måte, der du held avstand til andre til minimum eit par meter.  Våre bilder er frå Kårvatn i dag, der det eigentleg skulle vore full trøkk med Norgescup og greier.

I dag begrensa det seg til nokre skituristar som hadde valgt Kårvatn som utgangspunkt, og som fikk ha Dalalia med puddersnø meir eller mindre åleine.  Butikken til Kårvatn Fjellustyr har redusert opningstid på grunn av Coronakrisa, og i dag var butikken stengt for å skåne både kundar og tilsette.
Du som vil ut på tur må forhalde deg til nokre reglar som myndigheitene har bestemt. – NRK har laga ein enkel tabell som vi har lagt ut nedafor her. Her går det klar fram kva som er lov og kva som ikkje er lov  – vi oppfordrar alle til å følge reglane og å halse seg orientert om kva reglar som gjeld til ei kvar tid.

Publisert: 21. mars 2020, 18:41