No når 2019 er i ferd med å ebbe ut så sluttar 2019 slik som det starta, med vind og regn – mykje regn og sludd er det meldt på yr.no. Det vil nok legge ein dempar på nyttårsfeiringa, iallfall med tanke på markeringa med fyrverkeri. Men sjølv om vêret legg ein dempar på nyttårsfeiringa, så er […]
Les heile saka
Drivas lesarar kåra Elinor Bolme til «Årets Drivanavn i 2019». Elinor var nominert for sitt store engasjement for organisasjonen Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS). Der er ho fylkesleiar på 6. året, og røper at ho truleg takkar ja til gjenvalg når tida kjem, skriv Driva når dei presenterer Elinor på sine nettider.
Les heile saka
Surnadal Normisjon inviterer til stor nyttårsfest på Eidet bedehus laurdag 4. januar kl 16.
Les heile saka
I dag har sambandet kvanne – Rykkjem vært ute av drift fleire gonger. Nå ser det ut til å bli normal drift:
Kl. 12:24: Rute 46 Kvanne – Rykkjem: Normal drift fra 12:30, men sambandet kan bli innstilt igjen på grunn av værforholdene i dag!
I overkant av 40 personer møtte fram da grendelaget på Nordvik arrangerte romjulsmarsj 5. juledag. Litt regn i formiddagstimene, men været bedret seg etter hvert, og da starten gjekk mellom kl. 13 – 14 var det bare lett regnyr.
Les heile saka
Ski og friidrettsgruppa inviterte til alternativ barn i løypa på skøyter på Bordholmen i dag. Etter kvart dukka dukka det opp rundt 15 ungar sør leik og moro på isen. Første post på programmet var hurtigløp på merka bane, før det vart hockeykamp.
Les heile saka
Todalen sokneråd minner om gudstenesta nyårsaftan kl. 16. Gudstenesta vert forretta av pensjonert sokneprest/sjømannsprest Torbjørn Brøske. Ved orgelet finn vi kantor Bjørn Vevang. Dei tre ungdomane som skal konfirmerast i vår, er med og les samlingsbøna og dei to lesetekstene.
Les heile saka
IL Søya har dei seinare åra rusta opp både løypenettet og nærområdet på Vang skiarena. Dei har bruka mykje dugnadsinnsats til å tilrettelegge lysløype, gapahuk, akebakke og den populære Strengentraséen. Kvaliteten på løypenettet har gjort at området har vorte eit ynda turmål, både fra nært og fjern.
Les heile saka
Julerevy er tradisjonelt ein del av julefeiringa i Todalen – den høyrer liksom med og har gjort det så langt attende som vi kan hugse. Det er jammen ein god tradisjon å føre vidare og med storsalen full av publikum er det og tydeleg at folk sett pris på julerevyen. Frå år til anna har det vore generasjonsskifte i revystaben, og slik er det i år – mange nye er komne med i revyarbeidet, og på mange måtar har julerevyen fått ein ny giv.
Les heile saka
I morgen, lørdag 28. desember kl. 14, arrangerer Ski- og friidrettsgruppa barn i løypa på skøyter på Bordholmen. Det blir ishockey-kampar og rundar rundt isbanen med tidtaking.
Les heile saka
Vi minner om kveldens arrangement i Ungdomshuset – julerevyen «Todalen Ymseri». Dørene opnar kl. 20 og billettar får du kjøpt ved inngangen. Her er det sal av mat og drikke, og det blir mulegheit for ein svingom. Og så den store spenninga, da: Kven får heidersprisen – «Den Gyldne Patron»?
Les heile saka
Årets romjulsmarsj er historie. Nok ein gong var det stor deltaking med ca 170 personar som var ute på årets trivelegaste luftetur rundt bygda. Idrettslaget hadde som vanleg drikkestasjoner både på Bruset og i Sandstadkrysset med både kakao og gløgg i koppen. Nytt av året var gratislotteri på Bruset med mange fine premier. For dei som var så heldige å trekkje rett nummer i alle fall.
Les heile saka