Det 100.skuleåret ved Todalen skule, som starta sist måndag, ser ut til å bli det siste ved skulen. I ei orienteringssak til Formannskapet, Hovudutval for Oppvekst og seinare i haust til Kommunestyret orienterer kommunalsjef oppvekst Astrid Mogstad Høivik og kommunedirektør Knut Haugen om at elevtalsutviklinga ved Todalen skule tilseier at skulen frå hausten 2021 blir slått saman med Stangvik skule på Evenshaugen. Bakgrunnen for orienteringssaka er Surnadal Kommunestyre sitt samrøystes vedtak den 13.12.2018 der det heiter:
Les heile saka
Tirsdag 25.8. går Fjellgruppa til Mogstadsetra. Vi parkerer ved Nistua på Mogstad etter anvisning, og går etter skogsvegen opp til setra.
Les heile saka
I kveld var det friidrett på Bordholmen i finveret. 8 ungar hadde teke turen for å konkurrere med seg sjølv i 5 øvingar.
Les heile saka
Ranessetra er fast turmål hver høst – alle som har vært der vet hvorfor. Å komme dit, bare sitte. Det skjer noe med deg. Skuldrene kjennes lave. Hodet lett.
Fred er ordet. I dag ble det kanskje ikke så mye av akkurat det.
Les heile saka
I ein stolpe ved Øyabrua var det full aktivitet i dag da vi passerte. Det var AS Elektro som på oppdrag frå Surnadal kommune jobba med å skifte armaturar på gatelyset. Ved Øyabrua er det eit enkelt lyspunkt, og no skal det bli ny armatur, der gammel armatur for gasslamper blir skifta ut med ny og moderne LED-teknologi.
Les heile saka
I kjølvatnet av ein god sesong for laksefisket i Toåa er Trønder-Energi i gang med undersøkelse av laks- og aurebestanden i elva. Trønderenergi har eit pålegg om utsett av smolt i Toåa som er knytta til konsesjonen for Driva kraftverk. Driva kraftverk utnyttar noko av nedfallsfeltet ved Tovatna – i grenselandet mellom Surnadal og Oppdal kommune eller om du heller vil i grenselandet mellom Trøndelag og Møre og Romsdal fylke.
Les heile saka
Tysdag rulla asfalteringsutstyr inn på plassen på Talgø MøreTre i Surnadal. Hallvard brusethaug, som er dagleg leiar på Møretre, fortel at det no skal asfalterast knappe 11.000 m2 ute på plassen mellom eiendommen til Trollheim Industri og elva – lengst ut på Møretre-tomta. Til saman er det no mellom 80.000 og 90.000 m2 av tomta som er lagt under asfalt til lagerplass.
Les heile saka
19.08.2020: Statusoppdatering frå kommuneoverlegen i Surnadal:
Kommunen fann grunn til å stenge vaksenopplæringstilbodet ein kort periode som eit førebyggande tiltak. Seinare testing og smittesporing har avkrefta aktiv smitte ved eininga Vaksenopplæring og integrering.
Les heile saka
Barndomsheimen til Hans Hyldbakk, Kleiva, er under restaurering. Men det manglar ein del original takstein.
Maja Frønes som har ansvar for musea i kommunen, skriv:
Les heile saka
Måndag var skulestart over heile linja – både på barneskulen, ungdomsskulen og vidaregåande. Det var nok ein dag som mange hadde sett fram til og ikkje minst dei skom skulle starte i førsteklassen. Litt spenning var det nok for Odd Magne Heggem Grytskog som hadde «premiere» i ny jobb som sjåfør på skulebussen frå Todalen. Odd Magne er 18 år, og er sikkert tidenes yngste sjåfør på skulebussen. Gammelsjåføren, Kristian Kjølstad, hadde takka av tidlegare i vår.
Les heile saka
Måndag kveld var det endeleg klart for kamp for Søya/Todalen sitt G9/10 lag på Søyabanen. Etter mange månader med berre trening og terping kunne endeleg gutane kle på seg drakta og entre banen for å spele kamp. Første kamp var mot Tingvoll. Dette var òg første gongen laget spela fotball på 7-ar bane, og det prega dei litt i starten, men det betra seg mykje etter pause. Likevel vart Tingvoll for sterke, og vann kampen til slutt med god margin. Men spelarane får ein ny sjanse allereie neste måndag.
Les heile saka
I sol og godt ver starta Kløverturen opp att etter ein lang sommarpause. Turen gjekk etter Toåa tursti; ei triveleg turløype.
Les heile saka