Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal kommune – Nye nasjonale smitteverntiltak

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 3. januar 2021

Seint i ettermiddag kom Regjeringa med nye nasjonale smitteverntiltak i samband med  Covid19. Dei nye smitteverntiltaka gjeld frå og med i morgon, måndag 4.januar. Dette inneber mellom anna at alle ungdoms- og vidaregåande skular over heile landet blir plassert i raudt beredskapsnivå. Dette inneber mellom anna til at 9.årstrinn ved Surnadal Barne og Ungdomskule ikkje skal møte på skulen, men ha heimeundervisning. 

Grunnen til at 9.årstrinn ikkje skal møte på skulen, men skal ha heimeundervisning, er at kommunen treng meir tid for å avklare praktiske spørsmål knytta til skuleskyss og dei fysiske tilhøva i undervisningslokala ved Surnadal ungdomsskulen. Oppdatert informasjon vil bli kunngjort i morgon rundt klokka 13:00, etter at kriseleiinga i kommunen har hatt sitt møte, heiter det i ei melding frå Surnadal kommunen. 

For Surnadal Vidaregåande skule gjeld følgjande:

  1. Ingen sjuke skal møte på skulen
  2. Tilsette skal så langt det er råd arbeide frå heimekontor, med unntak av undervisning som er fysisk på skulen. 
  3. Ved ein eventuell karanteneperiode, skal elevane ta del i undervisninga frå heimen, så langt helsa gjev rom for det. 
  4. Ved raudt nivå blir fellesareal som personalrom, bibliotek, kantine og idrettshallen stengt for bruk og opphald. Det blir sal av mat og drikke innafor retningslinene for kantinedrift. 
  5. Skuleskyss- Følg eigen veiledar som gjeld for skuleskyss. 
  6. Skulen blir delt i to soner for programområda med eigne inngangar. Elevane skal ikkje ha opphald i andre enn eiga sone. 
  7. Reinhald følgjer veiledaren som gjeld for raudt nivå. 
  8. Elevane skal vaske hendene når dei kjem på skulen og mellom øktene. Elevane skal og vaske hendene før dei dreg heim. Dei vaskar over pulten sin etter økta. Utstyr til vaskinga blir tilgjengeleg i gangen. 
  9. Elevane skal ikkje dele skuleutstyr som pc. bøker, verkty eller anna. 
  10. Elevane skal kun ha tilhald på faste klasserom. Friminutta kan takast ute. 
  11. Ved delvis nedstenging av skulen får elevane tilbod om ei veke på skulen og ei veke med heimeundervisning. Det blir utarbeidd eiga plan for undervisning og oppmøte.  

I veke 1 skal desse klassane møte på skulen: 3ST1, 2ST2, 2IN1, 2BU1, 2HE1, 2AU1 og 2BY1. For elevane som ikkje skal møte på skulen i veke 1, blir det heimeundervisning frå og med tysdag 

For meir informasjon frå Surnadal Vidaregåande skule sjå: Surnadal VGS

Gult beredskapsnivå for barnehagane/barneskulane 

Dette inneber at drifta går omtrent som normalt, men det kan bli aktuelt å gå over til raudt beredskapsnivå på kort varsel. 

Anbefaling om heimekontor der dette er mogleg

Bedrifter bør opne for heimekontorløysingar der dette er mogleg. Tilsette i Surnadal kommune vil bli orientert frå næraste leiar om om lokale tilpasningar og smiittetiltak. 

Surnadal kommunehus stengt

Kommunehuset blir stengt frå og med måndag 4.januar. Telefon- og kontortider er som vanleg. Saksbehandlarar er tilgjengelege både på telefon og epost. Ein kan gjere avtalar med saksbehandlar dersom ein har behov for eit fysisk møte. 

Innandørs kroppsøving og idrettsaktivitetar

All innandørs kroppsøving og idrett/trening opphøyrer i skular og idrettslag. Utandørs-aktivitetar kan gå som planlagd dersom det er mogleg å halde god avstand. 

Kulturskulen

All gruppeundervisning utgår. Kun individuell undervisning. Elevar og føresette vil få meir informasjon frå Kulturskulen.  

 

Først publisert: 3. januar 2021, 22:25 - Sist oppdatert: 4. januar 2021, 08:48