Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hett & Svett opnar att måndag 4.januar

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 3. januar 2021

Todalen Idrettslag melder at Hett & Svett opnar dørene att frå og med måndag 4.januar, etter å ha vore julestengt i eit par veker. Samstundes utvidar dei opningstida til å gjelde måndgar, onsdagar og fredagar, men ein må framleis ha nøkkelkort for å kome seg inn og ein må booke tid. Det er òg grunn til å understreke at det ikkje kan vere meir enn tre personar samtidig, og at personar som er sjuke eller er i karantene ikkje KAN trene medan dei er sjuke eller er i karantene. Elles må kunngjorte reglar følgjast fullt ut!

Todalen Idrettslag presiserer vidare at ALLE som skal bruke Hett & Svett må ha betalt medlemskontingent for 2020, da det er eit absolutt krav frå kommunelegen at Hett & Svett kun er ope for Todalen Idrettslag sine medlemmer. Dette er såleis eit krav idrettslaget må rette seg etter, for å få lov til å halde ope så lenge Koronasituasjonen er som den er. 

Dersom du treng nøkkelkort til Hett & Svett, er det berre å ta kontakt med Jo Gjeldnes på telefon 994 62 331. Om du ikkje er medlem i Todalen Idrettslag, men ønsker å bli det, så ta kontakt med Astrid L. Kvendset på telefon 930 20 687. 

Reglane som gjeld for Hett & Svett kan du lese her: Regler hett og svett

Først publisert: 3. januar 2021, 19:05 - Sist oppdatert: 4. januar 2021, 08:45