Surnadal Kunstforening markerer overgangen mellom haust og vinter med utstillinga «Haustlys» i Finstuå på Surnadal kulturhus. Todalingen Sissel Halset Storslett er ei av dei 14 av medlemmane av kunstforeninga som er med på utstillinga som var opna laurdag 21. november. Med Alex Trio og tonar frå varmare strøk der sola faktisk skin hakket oftare enn på «Schjess» vart utstillinga […]
Les heile saka
Vi har fått advarsel om eit stort stygt hål i vegbanen på Halanesvegen, rett på oversida av Ramsøya, på høgersida av vegen på tur innover. Så skal du køyre innover Halanesvegen, så kan det vere lurt å ta det litt med ro her.
Les heile saka
Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune vedtok på sitt møte 9.november i år nye takstreglar for reiser med buss og hurtigbåt. Dei nye takstreglane trer i kraft 1.juanuar 2021, og inneber nokre vesentlege endringar for dei som reiser med buss, endringar det kan vere greitt å kjenne til.
Les heile saka
Ferjerute 46: Kvanne – Rykkjem vil vere ute av drift i tidsrommet mellom klokka 16:00 – 17:30 i dag 20.november melder Fjord1. Vi har ikkje fått opplyst kva som er grunnen til innstillinga.
Les heile saka
Svorka Energi meldte om nytt straumutfall fredag i 14-tida. Straumutfallet er lokalisert til Todalen og Svorka melder at feilsøk pågår. Etter ein knapp time har dei fleste i Todalen fått att straumen, medan ein leitar etter nettfeilen mellom Talgø Gård og Kårvatn. På Kårvatn er ein enno utan straum, fortel vakta på Svorka Energi
Les heile saka
Friluftsråda for Sunnmøre og Nordmøre og Romsdal kjem no med eit nytt Stikk UT!-opplegg, nemleg vinterfotturar. Det kjem i tillegg til Stikk UT! Ski, det er spennande for det er slett ikkje stabilt skiføre heile vinteren i fylket vårt. På Nordmøre er det berre 3 kommunar som er med på Stikk UT! vinterfotturar, nemleg Sunndal, Smøla og Kristiansund. Men det blir Stikk UT! ski i Surnadal.
Les heile saka
Området frå Lykkjeeidet, Kvanne og innover til Todalen var utan straum torsdag kveld frå kl 19 og ein times tid utover. Her i Todalen kom strumen att i 20-tida, og ifølge Driva er feilen lokalisert til trafofeil i Østbødalen, og innsatsen med feilretting lagt dit. På Kvanne og i Todalen er det no normal strumforsyning slik som vi forstår.
Plutselig vart det aktuellt å starte brøytesesongen. Det kom slett ikkje overraskande, men etter ein periode med høge temperatuar vart det liksom fort vinter og snøslaps. I år er det Todalen Mjølk som skal sørge for å halde vegane opne både rundt Todalen som før og i tillegg har dei fått kontrakt på ein ny rode som går frå Kvennset og utover til Todalskrysset (Hauahyllå), fortel Ståle Ansnes som er ein av brøytesjåførane.
Les heile saka
Tysdag 24.november klokka 18:00 startar Surnadal Jeger og Fiskeforening oppatt med innandørsskyting på Angråmyra skytebane. Skytinga vil gå føre seg på Surnadal Skyttarlag sin nyrenoverte innandørsbane på Angråmyra skytebane, og avstanden det blir skote på er 15 meter.
Les heile saka
Dersom du, frå og med i dag, skal ta bussen til Trondheim må du no bruke munnbind. Bakgrunnen for dette er at Trondheim kommune har innført påbod om munnbind på all kollektivtransport. Dette inneber at alle som reiser med FRAM Ekspress si rute 905 Surnadal – Trondheim – Surnadal blir omfatta av dette påbodet.
Les heile saka
Tysdag kveld var det medlemsmøte og tid for å dele ut 4H-merke og skeier til medlemmane i Start 4H. Dette er det synlege beviset på at prosjektet dei har jobba med gjennom året er godkjent og bestått.
Les heile saka
Surnadal Sparebank melder på si heimeside bank.no, at den planlagde temakveld med «fremtidsfullmakt og ny pensjonskonto» på agendaen, er som følge av Koronasituasjonen utsett på ubestemt tid.
Les heile saka